She Loves You, Yeah! Yeah! Yeah!

Det er no ein gong slik at ein ikkje kan bestemme kven andre skal elske.

Publisert:

FØRSTE PAR: Kjell Frølich Benjaminsen og Erik Skjelnæs var det første homofile paret som gifta seg i ei norsk kyrkje, var Det skjedde i Eidskog kyrkje ved midnatt 1. februar 2017. Sokneprest Bettina Eckbo vigde paret. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

Rune Hegrenes
Førde Sp

Ingen ting har vel vore skrive meir om enn kjærleiken. For ikkje å snakke om alle songane. Kven har ikkje dansa tett til rolege songar med svulmande tekstar om kjærleik. I Paulus sitt første brev til korintarane kan vi lese «Så blir de ståande desse tre: Tru, håp og kjærleik. Men størst av dei er kjærleiken».

Ser ein litt teknisk og mindre romantisk på dette med kjærleik, så handlar det i grunn om å bevare arten sin eksistens. Det vil i praksis sei at ein treng ei dame og ein mann. Og så aller helst litt romantikk sjølvsagt. Det er den vanlegaste parforma på denne kloden. Men så er det alle desse uransakeleg vegane, då. Nokon likar dottera, andre mora.

Les også

Første homofile par viet

Eg kunne ha fortsett med ei lang rekke klisjear, men det blir fort kjedeleg. Men eg skal ta med ein til: Nokon likar sonen, andre faren. For det er no ein gong slik at ein kan ikkje bestemme kven andre skal elske. Eg trur ikkje nokon av oss hadde likt å bli fortalt akkurat det. Men somme likar best dei med same kjønn som seg sjølv. Men kva gjer vel det? Kjærleiken er jo som sagt størst.

I ein artikkel i VG 25. april kunne ein lese at KrF-politikaren Steinar Reiten vurderar å nekte homofile å gifte seg. Det er nok mykje eg ikkje forstår her i verda. Men at vi i Noreg, i 2017, framleis skal diskutere dette, er verkeleg over mi fatteevne. Ein kan sjølvsagt kome dragande med argument som at ein vanleg familie består av mor, far og barn. At dersom homofile får gifte seg, så får dei rettar dei ikkje burde få. Men ingen av desse held vatn.

Les også

Slik oppfattet jeg dåpen: «Velkommen inn i kirken. Vi aksepterer deg, så lenge du ikke er homofil.»

Om det er borna vi skal tenkje på, så har dei det best om dei bur i lag med nokon som elskar dei. Kva kjønn dei har, er etter mi meining heilt irrelevant. Det er dessverre slik at det finst heterofile par som ikkje burde ha barn. Eg er rimeleg sikker på at evna til ta seg av barn har mest å gjere med korleis du er som menneske, mindre med kva kjønn den har den du vil lever i lag med.

Så KrF – ikkje gidd. Det er ikkje verdt det. Kampen er over. Heldigvis vant fornufta. Dersom det er kjerneveljarane de er redde for å miste, så ville eg heller revurdert dei framfor ekteskapslova.

Når vi først er innom Paulus, så vil eg avslutte med litt meir av det han skriv i det same brevet som er nemnt over: «kjærleiken utheld alt, trur alt, håpar alt, toler alt». Men det burde ikkje vere nødvendig at den skal tole fleire angrep frå KrF.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg