På heimvegen innsåg eg det opplagde: Minoriteten i min valkrins akkurat no er vi som ikkje stemde på bompengepartiet.

I siste sekund avslørte eg reptilen i meg.

OMSTILLING: Mine kompisar frå ungdomsskulen postar «Eg er stolt oljearbeidar» på Facebook, fortel Siren Sundland. Illustrasjon: Øivind Hovland

Debattinnlegg

Siren Sundland
Arna

På skulen lærte vi frå Bibelen at størst av alt er kjærleiken. No ser eg meir og meir korleis Paulus tok feil. Det er ikkje kjærleiken som er størst. Det er frykta.

Vi kan ikkje hjelpe for det. Det er biologisk, det er djupt menneskeleg. For nettopp frykta, refleksen frå den gode, gamle reptilhjernen, er grunnen til at menneskeslekta har overlevd i millionar av år.

Reptilhjernen rommar hjernestamma, og veslehjernen har ein særs viktig funksjon: Han får oss til å reagere instinktivt og automatisk i alle situasjonar når vi kjenner oss utfordra, pressa, eller angripne.

Då slår urgamle handlingsmønster inn, flukt eller angrep. Som regel flyktar vi. Det er i grunnen enkel psykologi.

Difor burde eg sett det kome, men Facebook hadde berre vist meg det eg kjende frå før. Så eg merka det ikkje før eg såg den lange køen inn til stemmelokalet. Ein uventa nervøsitet breidde seg i kroppen, så eg festa blikket på informasjonsplakatane som var klistra opp på veggane.

Eg måtte smile for meg sjølv. Plakatane i Lonehallen informerte grundig både på sørsamisk og nordsamisk
denne kvelden. På heimvegen innsåg eg det opplagde: Det er ikkje samane som er minoritetsfolk i Lone valkrins akkurat no.

Det er vi som ikkje stemde på bompengepartiet.

URGAMLE INSTINKT: Ikkje mat reptilen, oppfordrar Siren Sundland. Ørjan Deisz (arkiv)

Førre veke presenterte Financial Times ei ny undersøking, som viste at Norge er det tredje mest klimaskeptiske landet i verda, berre slegen av USA og Saudi-Arabia.

Det er i grunnen enkel psykologi. Vi menneske bryr oss meir om det vi sjølv kjenner på kroppen, enn det som skjer langt unna oss. Men om det var så enkelt, burde ikkje nettopp vi vestlendingar reagere?

Kor mange fleire ras treng vi langs vegen til Voss for å vakne? Kor mange fleire hus og hagar må storm og flaumar øydelegge i Hardanger? Kor mange fleire liv må gå tapt i Sogn og Fjordane, før vi kan samlast om dette eine: At vi må jobbe saman om å handtere klimaendringane, medan vi enno har tid.

Kva er det som skjer når eit av verdas rikaste og tryggaste land får medaljeplass i VM i klimanekting? Kva er det som skjer når oppegåande folk plutseleg får det for seg at Greta Thunberg er problemet?

Ein av favorittlærarane mine frå skuletida delte nyleg ein artikkel frå Steigan.no, der Thunberg sin segltur til New York vert kalla eit absurd PR-stunt. Artikkelen forklarar at båten La Malizia er eigd av Grimaldi-dynastiet i Monaco, at namnet tyder «den listige» på monegaskisk, og at seglbåten er laga av plast.

Og eg forstår det berre ikkje: Kvifor gir det meining for min gamle lærar å diskreditere Greta Thunberg? Kvifor treng han latterleggjere ei 16 år gammal jente som kjempar for det ho trur på?

Seinare, same dag, deler ein profilert pensjonert leiar ein artikkel med liknande innhald frå Resett.no, der Thunberg blitt omtalt på følgjande måte:

«Stakkars Greta Thunberg. Hun er for selvrettferdighet og selvtilfredshet hva Mozart var for musikken, et fantastisk vidunderbarn. Men i motsetning til Mozart er hun et svært lite attraktivt barn, ikke på grunn av utseende, men på grunn av den humørløse puritanismen som hele hennes vesen tydelig utstråler».

No er eg ikkje redd lenger. Eg er rasande.

Eg kan akseptere at sjølve CO₂- effekten av at Thunberg vel seglbåt framfor fly kan diskuterast. Eg kan akseptere at andre reagerer på den unge jenta sin konfronterande stil i møte med internasjonale autoritetar, og at folk meiner ho er for radikal i si tilnærming.

Men det eg ikkje maktar å forstå, det som gjer meg rasande, er at oppegåande folk plutseleg finn det legitimt å dele så drepande karakteristikkar av eit ungt menneske i sosiale medium. Kor tek dei det frå, dette patetiske sinnet? Er det håplaus inkompetanse i kjeldekritikk? Har dei alltid vore fundamentalistar, berre at eg var for naiv til å avsløre dei?

Er det tidleg demens?

Like før eg skal slå meg til ro med den siste forklaringa, forstår eg kva som er i ferd med å skje: Det er eg som kortsluttar.

Min eigen reptilhjerne har tatt over styringa. Instinktivt er hovudet mitt i alarmberedskap, og det er like før den uforståelege, norske klimanektinga, den uventa trakasseringa av Greta Thunberg og bompengeopprøret vert sausa saman til ein livsfarleg konklusjon: At dette landet er kringsett av idiotar!

I siste sekund avslørte eg reptilen i meg, og av all kraft prøver eg å kople over til mellomhjernen. Der ligg menneskets suverene kapasitet til sosiale relasjonar, det er denne hjernedelen som styrer vår vurdering av kva som er sant og verdifullt. Og med denne hjernedelen tenkjer eg tilbake til køen inn til stemmelokalet på Lone.

Eg ser dei sterke ryggane til arbeidskarane som kjem rett frå jobb klokka halv åtte om kvelden, dei har firmalogo på ryggen og handsfree på øyret. Det er dei same karane som brøyter vegane på vinterstid, som alltid tar i eit tak, som alltid stiller opp når ein kompis treng dei.

Og dei andre mødrene som ventar attmed meg, har stått i nordavinden på fotballbana og heia på andre sine ungar, år ut og år inn.

Denne kvelden tek vi svært ulike politiske val, men eg har vore på mange nok skuleavslutningar med duskregn og eingongsgrill til å vite at i denne dalen har vi langt meir til felles enn det som skil oss.

Mine kompisar frå ungdomsskulen postar «Eg er stolt oljearbeidar» på Facebook. Markeringa bygger på premissen om «folk som jobbar i olja, vert sette ned på av folk som trur på berekraft». Bodskapen er skreddarsydd for svoltne reptilhjernar, dette er kraftfor for fiendebilete.

Men gir det eigentleg meining? Ein ting er sikkert, og det er at vi vil trenge kompetansen til kvar einaste stolte oljearbeidar i utviklinga av dei nye, berekraftige energiløysingane på Vestlandet.

Falske fiendebilete et tillit til frukost, og det kan koste oss dyrt. Den velferda vi har vakse opp med, kjem ikkje utelukkande av at Noreg har olje, gass, fisk og lang kystlinje. Like sentralt i forståinga av norsk verdiskaping står samanhengen mellom tillit og produktivitet.

I Noreg stolar vi vesentleg meir på kvarandre enn folk flest gjer i andre delar av verda. Vår mest verdifulle råvare er tillit. Om vi sluttar å lytte til kvarandre, om vi sluttar å tru på kvarandre, om vi matar den urgamle reptilhjernen med propaganda som skapar fiendebilete, så kjem vi til å miste våre aller viktigaste konkurransefortrinn: Tillit, produktivitet og praksisnær innovasjon.

Når du slepp reptilhjernen din laus, triggar han reptilhjernen i andre. Det er enkel psykologi. Og katastrofalt dårleg økonomi.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg