Den ukrainske frigjeringskrigen
Landet kjempar ein krig for å frigjere seg frå hundreår med russisk undertrykking.
- Martin PaulsenInstituttleder ved Institutt for fremmedspråk, Universitetet i Bergen

Det er eitt år sidan Russland gjekk til eit ulovleg, fullskala militært åtak på Ukraina. Denne dramatiske hendinga har gjort resten av Europa medvitne om kampen ukrainarane står i, men det er berre det siste i ei rekke av russiske åtak på ukrainsk sjølvstende. Ukraina har vore i krig med Russland sidan landet okkuperte Krym-halvøya og russiske soldatar og våpen strøyma inn i Aust-Ukraina i 2014.
I denne samanhengen er det òg viktig å vere medvitne om kor sterk den russiske påverknaden på Ukraina har vore i hundreåra før dette. Kampen ukrainarane kjempar no, er for å frigjere seg frå denne påverknaden, for å få rom til å definere si eiga framtid.
Ukraina vart ein sjølvstendig stat i 1991, men det var ikkje utan vidare gitt korleis ein skulle forstå den sovjetiske historia og situasjonen etterpå. Var Ukraina si deltaking i Sovjetunionen frivillig, slik den sovjetiske grunnlova stadfesta, eller hadde dei vore utsett for ein okkupasjon?
Då landet erklærte seg sjølvstendig, var det etter ei folkeavstemming hausten 1991, kor fleirtalet i alle delar av landet, inkludert Krimhalvøya og fylka lengst aust i landet, røysta for sjølvstende.
Konseptet avkolonisering tek utgangspunkt i ei forståing av at landet har vore okkupert. Det har vore eit populært omgrep blant ukrainske akademikarar dei siste tretti åra. Lenge var det først og fremst del av ein akademisk diskusjon, men utviklinga dei siste ti åra syner at denne forståinga har fått brei oppslutnad.
Blinken sier Kina vurderer å gi våpen til Russland
Ein kolonisituasjon kjenneteiknast av at påverknaden ikkje utan vidare er borte sjølv om eit land får formelt politisk sjølvstende. Tidlegare britiske og franske koloniar er tydelege døme på dette.
Dei europeiske språka står framleis sterkt i land i mange kontinent, mange er under sterk kulturell påverknad og økonomiske avhengige av dei tidlegare koloniherrane.
Dette har og kjenneteikna situasjonen i Ukraina i åra etter 1991. Den russiske påverknaden har gjennomsyra alle samfunnsområde. Økonomisk har Ukraina hatt føremonar av tette relasjonar til Russland, til dømes gjennom å kunne kjøpe billig gass av Russland til eige bruk eller til vidaresal til land lenger vest i Europa.
Dette har bidrege til økonomisk utvikling i Ukraina, men samstundes òg gjort Ukraina avhengige av Russland. Denne avhengigheita kom til syne i januar 2009, då Russland kutta eksporten av gass til Ukraina fordi dei to landa ikkje hadde vorte samde om prisen Ukraina skulle betale.
Eit år seinare hadde Ukraina skifta president, frå den europavennlege Viktor Jusjtsjenko til den russiskvennlege Viktor Janukovitsj. Den nye gassavtalen som vart underteikna i mars 2010, reflekterte det politiske maktskiftet i Kyiv.
Ukraina fekk framleis lov til å kjøpe gass billigare enn prisen på verdsmarknaden, til gjengjeld vart Russland sin leigeavtale av marinebasen i Sevastopol på Krymhalvøya forlenga frå 2017 til 2042. Kor skjebnesvanger denne avtalen var, stod fram med all kraft fire år seinare, då Russland nytta det militære nærværet på Krym til å annektere halvøya.
Kulturelt har russisk litteratur, musikk og TV dominert den ukrainske marknaden, særleg innanfor det populærkulturelle segmentet, slik den ukrainske forfattaren Oksana Zabuzjko syner i eit essay ho gav ut på norsk i fjor.
Dette har vore mogeleg fordi russisk språk er mykje nytta i Ukraina, men òg fordi storleiken på den russiske (språklege) mediemarknaden har gjeve russiske forlag og TV-selskap eit konkurransefortrinn jamfør deira ukrainske konkurrentar. Resultatet har vore at bøker, filmar og musikk med eit russisk perspektiv på verda har fått dominere kvardagen til mange ukrainarar.
Denne situasjonen har ikkje fått halde fram utan motstand. På dei fleste samfunnsområda har ukrainske styresmakter og sivilsamfunn freista å ta oppgjer med den russiske dominansen, om enn med ulik kraft under ulike politiske leiarskap.
Stoltenberg ber allierte bruke mer på forsvar: – Det er ingen vei tilbake
Det mest synlege oppgjeret med den russiske dominansen har vore demonteringa av statuar og minnesmerke som heidrar russiske eller sovjetiske heltar. I perioden sidan 1991 har fleire tusen Lenin-statuar vorte fjerna.
Det vi har sett dei siste tre tiåra, er ukrainarar som har vorte stadig meir medvitne om den russiske makta dei står opp mot, samstundes som russarane har nytta stadig sterkare maktmiddel. På 1990-talet låg Russland nede politisk, økonomisk og militært. Den russiske presidenten Vladimir Putin har nytta si tid i Kreml til å bygge opp desse kapasitetane.
Samstundes vart det i 2014 tydeleg at økonomisk og politisk makt ikkje var nok til å halde Ukraina i Russland si interessesfære. At russarane no har mislukkast med å ta Ukraina militært, er eit prov på kor avgrensa deira makt trass alt er.
USA planlegger nye sanksjoner mot Russland
No er det tydeleg at den russiske militære aggresjonen har dytta Ukraina i vestleg retning. I april 2014 – månaden då Russland annekterte Krim-halvøya – viste tal frå det ukrainske meiningsmålingsbyrået Rating framleis eit fleirtal blant ukrainarane mot at landet skulle verte med i Nato. I dag er det 86 prosent av folkesetnaden i landet som støttar medlemskap i forsvarsalliansen, og 87 prosent som støttar EU-medlemskap.
For ukrainarane har det siste året vist at dei er sterke nok til å forsvare eigen fridom. I ei meiningsmåling gjennomført av ukrainske sosiologar ei veke før krigen braut laus, svara 28 prosent at dei var heilt sikre på at Ukraina kom til å stå imot det russiske åtaket. Ein månad seinare hadde dette talet auka til 72 prosent og i november var det oppe i 75 prosent.
Ukrainarane står samla og trur på siger.