**Kunnskapsløftet vi vart lova** for over ti år sidan, lar vente på seg. Tiltak for å betre kunnskaps- og kompetansenivået blant elevane, har vore fånyttes. I etterhand ser ein at fikse idear, pedagogisk-ideologiske luftslott, har styrt utviklinga av skulen. Ideane er aldri blitt systematisk testa. Dei har avløyst kvarandre, lik motebølgjer, og blir, medan dei er «in», forsvara med religiøs eldhug.

**I augneblinken er siste skrik** trua på IKT.

Ein av dei seigliva ideane har vore at lærarar ikkje treng solid fagkunnskap: Skremmebiletet har vore lektoren. Sprenglærdommen hans gjer han ute av stand til å ha omsorg for, og formidle faglege innsikter til, elevane. Dessutan treng ikkje elevar arbeide for å tileigne seg faglege kunnskapar. Lekser må vekk! Ei anna førestilling har vore at vidaregåande skule skal vere arena for elevanes sjølvrealiseringsprosjekt.

Et barn som utsettes for overgrep fra førskolelærere kan skades for livet:

Fram til 2006 var lærarstudentar rekrutterte mellom dei fagleg svakaste frå den vidaregåande skulen. I 2003 kom ein ifølgje Dagbladet inn ved alle landets lærarhøgskular med eit karaktersnitt på 2. Det svarer til «stryk» i det gamle gymnaset. Lærarstudentane har utmerka seg med dårlege arbeidsvanar. Eksamens— resultat frå lærarhøgskulane har avslørt ufatteleg lågt fagleg nivå.

Særleg ille er stoda i realfag . Karakteren 1 i matematikk gav studiekompetanse på lærarhøgskulane fram til 2006. Med slik ballast og utan matematikk i lærarstudiet var ein likevel som allmennlærar sertifisert til å undervise i faget i heile grunnskulen. Nivået i matematikk blant elevar er i dag svakare enn da kunnskapsløftet skulle implementerast. Årsaka er neppe gjennomsnittsintelligens på vikande front.

Matematikkundervisning blir ikkje betre om ein fagleg svak lærar underviser 15 i staden for 25 elevar. Fleire timar hjelper ikkje om fagkunnskap manglar. Kva slags etterutdanning kan løfte fagleg inkompetente opp til eit nivå som set dei i stand til å gje meiningsfull undervisning? Har ein realistiske førestillingar om kor mykje arbeid det krev å tileigne seg nødvendig kompetanse?

Sunnmørsposten skreiv for ei tid tilbake om ei brasiliansk dame hadde doktorgrad i astrofysikk og vore universitetsprofessor i Rio de Janeiro. Ho hadde arbeidd i Frankrike og Italia, rettleidd doktorgradskandidatar og undervist masterstudentar. Ho snakka seks språk, irekna norsk. Med mangelen på realfagleg kompetanse blant lærarar burde skulane stå i kø for å tilby arbeid.

Men fekk ho det? Nei, ho mangla praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og kunne følgjeleg ikkje få anna enn vikariat. Kvifor da ikkje bruke eit år på PPU? Svaret hennar: «Jeg har studert i 20 år. Det får holde».

Å spørre om leksar verkar er like meiningslaust som å spørje om medisin verkar:

Nyleg kunne ein lese at arbeidsledige ingeniørar i Stavanger-regionen burde kunne gå inn i skulen og dekke behovet distriktet har for realfagleg kompetente lærarar. Det var berre ein hake ved det: dei mangla PPU! Fagkompetansen deira, som skulen vantar, var såleis sekundær.

Kva er det ved PPU som opnar alle dører? Eg har sidan sekstitalet og gjennom ein lang universitetskarriere til gode å møte nokon som har noko godt å seie om PPU. Det ein omtaler positivt, er råd ein får når ein underviser under rettleiing av røynde faglærarar.

Relevans og nytte for undervisning finst ikkje. Likevel er stoda denne: Gitt at to søkjer ei stilling i skulen. Den eine har framifrå faglege kvalifikasjonar og har undervist i fleire år med gode resultat, men manglar PPU. Den andre har svake karakterar i alle fag, men eksamen frå PPU. Vedkomande er jamvel kjend som dårleg undervisar. Kven får fast stilling? Ikkje den fagleg sterke.

Same kor godt fagleg kvalifisert du er, same kor dugande du er i å formidle kunnskapane din, har du ikkje eksamen frå PPU, får du ikkje fast stilling. Har andre søkjarar PPU, vil dei gå forbi deg — same kor udugelege dei er i å formidle faglege kunnskapar.

For tretti år sidan etterlyste professor i sosialantropologi Arne Martin Klausen empirisk gransking av om lærarar med pedagogisk seminar, som det heitte, faktisk var betre lærarar enn dei utan. Han fekk til svar at han ikkje hadde begripe kva det handla om. Det er på høg tid å gjennomføre granskinga han etterlyste.