Skuffande frå biskopen

Biskopen burde gi klar beskjed om at kyrkja ikkje kan tolerera ein praksis som er i strid med norsk lov.

Publisert Publisert

Biskop Halvor Nordhaug (biletet) må vera mykje tydelegare i forsvaret for kvinnelege prestar, meiner innsendaren. Foto: Elias Dahlen (arkiv)

Debattinnlegg

  • Oddvar Skre
    Fana

Det stormar på nytt kring den norske kyrkja. Mange hugsar enno kyrkja sin motstand mot kvinnelege prestar på 50-talet, mot sjølvbestemt abort på 60-talet og mot homofile prestar og kyrkjeleg velsigning av homofile ekteskap på 90-talet.

Kyrkja har heile tida vore bakpå og nekta å anerkjenna kvinner og homofile i kyrkjeleg samanheng, ved å visa til Paulus og andre kyrkjefedrar som levde for 2000 år sidan.

Nyleg blussa denne striden opp på nytt, då ein av prestane i den norske kyrkja, Mikael Peder Vevang Bruun i Sogndal, har reservert seg mot å gjere prestetjeneste saman med kvinnelege kolleger i gudstjenesta – av samvitsgrunnar, som det heiter, og med tilvising til Paulus sine ord om at kvinner skal teia i forsamlingar.

Det er nesten ikkje til å tru at dette kan skje i vår tid, og saka burde eigentleg ha vore klar. Denne presten burde ha fått klar beskjed av biskopen om at kyrkja ikkje kan tolerera ein praksis som er i strid med norsk lov.

Men då biskop Halvor Nordhaug blei intervjua i Dagsnytt 18 sist torsdag 3. september, kunne han ikkje lova representanten for konfirmantforeldra i Sogndal at dette skulle skje, for han var «redd for konsekvensane».

Kor mange som ville melda seg ut dersom dette ikkje skjer, såg ikkje ut til å uroa biskopen særleg. Førebels har 14 personar meldt seg ut av kyrkja i Sogndal, men dette talet kan lett bli mangedobla, dersom kyrkja let denne presten få viljen sin.

Spørsmålet mange sit igjen med, er kor lenge me skal finna oss i å ha ein biskop her i Bjørgvin bispedøme som vik unna alle konfliktar, og som ikkje har ryggrad nok til å setja på plass medarbeidarar som openlyst trassar norsk lov og Jesu ord om å visa kjærleik og toleranse.

Dersom dette held fram, blir kyrkja til slutt berre ei sekt for spesielt interesserte. Men det er kanskje slik biskopen ønskjer det?

Les også

Forsvarer konservative kristne: «Ytringsfriheten gjelder bare for de politisk korrekte»

Biskop Norhaug svarer:

Kyrkja gler seg over kvinners presteteneste

Oddvar Skre skriv at kyrkja har vore «bakpå» kva angår presteteneste for kvinner. Eg er samd. Den første kvinnelege presten blei tilsett i 1961. Det burde ha skjedd lenge før.

Motstanden mot kvinnelege prestar var då stor i kyrkja. Lenge var motstandarane i fleirtall blant prestane. No er dei i dundrande mindretal.

Det høyrer likevel med til biletet at heile samfunnet har vore «bakpå» når det gjeld å anerkjenne kvinner som likeverdige med menn i arbeidslivet. Den første kvinnelege fylkesmann vart til dømes først tilsett i 1974. Biletet kan også nyanserast ved å vise til at den kyrkjelege misjonsorganisasjonen, Det Norske Misjonsselskap, allereie i 1904 ga røysterett til kvinner i heile organisasjonen. Staten gjorde det same først ni år seinare.

I dag er stoda eintydig slik at Den norske kyrkja seier eit rungande JA til kvinners
presteteneste. I bispekollegiet er allereie halvparten kvinner. Denne utviklinga er gledeleg!

Men framleis meiner nokre prestar altså at kyrkja er komen i konflikt med Paulus som ikkje ønskjer at kvinner skal undervise i forsamlinga. Eg tykkjer dette synet ikkje tek den historiske skilnaden mellom Paulus og vår tid på alvor. Det svarar heller ikkje til den grunnleggande jamstellinga mellom kvinne og mann som gjev seg av det samla vitnesbyrdet i Skrifta.

Skal kyrkja no stenge vegen til prestetenesta for dei som ikkje er samde med meg og fleirtalet? Ei slik avgjerd vil vel stempla dei som vranglærarar. Så alvorleg har dei fleste i kyrkja ikkje tenkt at dette spørsmålet er. Vi må også hugse at verken den katolske kyrkja eller dei ortodokse kyrkjene har opna for kvinner i prestetenesta.

60 prosent av verdas kristne tilhøyrar desse kyrkjene. Kva har tilhøvet til dei og andre kyrkjer som heller ikkje har kvinnelege prestar eller pastorar, å seie for vår vurdering?

Når det gjeld Sogndal, så skjønar eg at foreldra reagerer. Men våre medlemer kan ikkje velje fritt kva for ein prest dei vil møte ved dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Det ville opne for uhaldbare konsekvensar.

Mikael Brun er heller ikkje åleine om ansvaret for konfirmantane i Sogndal. Eg er ikkje overtydd om at vi i eit liberalt samfunn, og i ei open og mangfaldig kyrkje, må halde unge menneske unna ein som tenker annleis ein fleirtalet.

  • Del gjerne di meining i kommentarfeltet!
Publisert

Les mer om dette temaet

  1. «Gud bør ut av Grunnlova»

  2. Året som endra Noreg

  3. Bergen er berre ein vanleg by, skreiv BT-kommentator. Flytt til ein annan, svarer kollega.

  4. Nykirken kan bli stengt. Nå frir menigheten til innbyggerne på Nordnes.

BT anbefaler

Bergen tør ikke, men det gjør Askøy.– Litt rart at kommunene gjør ulike valg.

Mens Askøy har tatt i bruk Vigiloappen i høst, mener Bergen kommune at den fortsatt ikke er trygg nok.

LES SAKEN
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg
  1. Den norske kirke
  2. Religion
  3. Sogndal