Storting for alle

I politikken må det vere plass til folk med og utan barn. Det er bra for demokratiet, skriv BT på leiarplass 11. januar.

VIL HA LANGE ARBEIDSDAGAR: Fri meg frå småbarnsforeldre-argumentet, skriv Kjersti Toppe (Sp) i dette innlegget. Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

  • Kjersti Toppe
    Stortingsrepresentant (Sp)

Eg er einig. Men saka handlar om meir enn det.

Stortinget er ikkje ein vanleg arbeidsplass. Det er fylt opp av folkevalde representantar frå heile landet. Ikkje alle kjem frå Oslo eller har familien i dagleg pendlaravstand frå Karl Johan. Det er og ein del av demokratiet. Nasjonalpolitikken må ha plass til folk , med og utan barn, som bur i heile landet.

Bjørnar Moxnes (Raudt) klagar på voteringssystemet på Stortinget. Det burde han ikkje gjere. Han meiner det i dag er skreddarsydd eldre menn med heimeverande koner. Eg er ueinig. Vi er eit ungt storting. Eg vil ha fleire eldre menn på Stortinget. Dei er i dag underrepresenterte. Det er ikkje dei som er problemet.

Les også

Les BT-leiaren som Toppe svarar på: «Politikken må ha plass til alle»

Dessutan har voteringssystemet vore heilt greitt for folkevalde som meg, med familien i Åsane. Eg klagar ikkje. For meg er det betre med lange møter dei dagane ein pendlar til Oslo, enn eit ni til fire-storting tilpassa folkevalde busett på det sentrale Austlandet.

Å flytte voteringa til neste dag, og skilje den frå debatten, kan vere bra for noko. Men ein misser nerven i debatten, når votering ikkje kjem før dagen etter. Ingen ting er avgjort før ting er avgjort, som det heiter. Og nei, det er ikkje slik at stortingsrepresentantar flest flyttar med heile familien til Oslo om ein får stortingsplass. Dei fleste eg veit om, vekependlar.

At Raudt som einmannsgruppe har problem med å følgje opp alle seine voteringar, er eit argument for å endre systemet – i solidaritet med dei minste partigruppene. Men fri meg frå småbarnsforeldre-argumentet. Det funkar berre ikkje.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg