Hald på norsk språk på sjøen

DEBATT: Kystverket vurderar om dei skal gjera engelsk til det einaste offisielle sjøspråket. Det er ein dårleg idé.

SPRÅKDEBATT: Etter «Helge Ingstad»-forliset vurderer Kystverket om engelsk skal vere det einaste offisielle språket til sjøs. Alice Bratshaug (arkiv)

Debattinnlegg

Ragnhild Kvifte
Nestleiar i Studentmållaget i Bergen

Etter «Helge Ingstad»-ulukka har norskspråkleg kommunikasjon vore trekt fram som ei av tinga som gjekk gale, ettersom fleire av båtane i området ikkje forstod meldingane som vart sende ut.

For at utanlandske sjøfolk lettare skal forstå, vurderer Kystverket difor om dei skal gjera engelsk til det einaste offisielle sjøspråket. Det er ein dårleg idé.

Den norske historia er ei historie på og ved hava, dette har gjort Noreg til ein stolt sjøfartsnasjon. Å gje opp det norske språket vil vera å venda ryggen til denne historia. Det norske språket knyt samfunnet og sjøfarta i hop, og ved å halda på det, gjev me eigarskap til sektoren til framtidige generasjonar. Det er likevel ikkje berre difor me skal halda på norsken.

Dei fleste som kjem frå Noreg, har norsk som morsmål. Mange er også generelt gode i engelsk. Likevel går det litt fortare og litt enklare å fatta morsmålet enn eit framandspråk ein snakkar flytande, for ikkje å snakka om å formulera seg på det.

I ein naudsituasjon, når du er stressa som verst og kommunikasjon er som viktigast, vil det kunne vera eit hav av forskjell mellom å berre vera god i eit språk og å ha skikkeleg morsmålskompetanse. Då vil det kunne vera farleg å måtte snakka engelsk.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg