Venstre må vere på lag med heile landet

Venstre bør truleg lytte litt meir til folk, og litt mindre til kvarandre på interne partiseminar.

Publisert: Publisert:

Foto: Øystein Torheim

Debattinnlegg

Alfred Bjørlo
Ordførar i Eid, Venstre

Hans K. Mjelva stiller ubehagelege, men gode, spørsmål om Venstre i BT 15. april. Er Venstre i ferd med å bli eit reindyrka byparti? Bryr Venstre seg eigentleg om kvardagen til folk i Distrikts-Noreg?

Eg er framleis stolt venstremann i Distrikts-Noreg, men forstår Mjelva sine spørsmål. Eg er ordførar i ein distriktskommune der Venstre fire val på rad har fått størst oppslutnad i landet. Ein kommune som har folketalsvekst, blømande næringsliv og toppscore på kvalitet i kommunale tenester.

Likevel kan det innimellom vere tungt å vere venstremann utanfor gangavstand frå eit frukostseminar i Civita.

For meg er Venstre, på sitt beste, det mest rause og framtidsoptimistiske partiet i Noreg. Venstre er ikkje systemforsvarar, men heiar på dei som vil skape noko nytt. På gründeren. På eldsjelene i sanitetsforeninga eller idrettslaget. På læraren og helsesøstra. På ny teknologi som skaper reinare miljø og enklare kvardag.

Og vi er, på vårt beste, eit parti som vil flytte makt ned. Mindre makt til sentralstaten i Oslo og detaljerte lovframlegg frå eit overivrig Storting. Meir makt ut til lokalsamfunna og til kvar enkelt. Ny teknologi og høgare utdanningsnivå gjer at statleg detaljstyring gir mindre og mindre meining. Folk lar seg ikkje lenger dirigere. Dei vil bestemme sjølve.

Framtida handlar om mangfald. Om nettverk. Om desentralisering. Om at det i framtida bør vere større rom for å bu, drive næring og skape eit godt liv også utanfor dei store byane enn før.

Men det kjem ikkje heilt av seg sjølv. Det krev politisk prioritering og engasjement for at det framleis skal bu folk over heile landet. Eg skal vere så ærleg å seie at gløden og entusiasmen har vore krevande å få fram i eige parti på nasjonalt nivå dei siste åra, også for meg.

Venstre snakkar entusiastisk om ny teknologi som skaper nye moglegheiter, men er meir lunkne når eg kjempar for at denne teknologien også skaper fantastiske moglegheiter for å lokalisere statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø i Eid og Nordfjord.

Venstre snakkar entusiastisk om jernbane som staden der hundremilliardane skal rulle. Du kan seie mykje fint om toget, men det vil aldri bli det viktigaste transportmiddelet i kystfylka, der næringslivet er og mykje av framtidas verdiskaping skal skje. Trygg, rask og grøn vegtransport på betre vegar vil i overskueleg framtid vere løysinga svært mange stader.

Mine år i politikken har lært meg éin ting: Det viktigaste for folk er å bli sett. Å bli snakka med, ikkje berre snakka til. Framandgjeringa av vanlege folk frå ein stadig meir lik nasjonal politisk elite, er livsfarleg for demokratiet.

Eit folkestyreparti som Venstre bør stå i første rekkje for å bryte med den utviklinga. Vi bør vere dei første til å sjå samfunnet nedanfrå, ikkje ovanfrå. Vi bør truleg lytte litt meir til folk, og litt mindre til kvarandre på interne partiseminar.

I 2019 er det lokalval. Skal Venstre klare å gjere eit godt val i min kommune og andre stader utanfor storbyane, må Venstre nasjonalt få tilbake gløden for distrikta, og syne med politikk, engasjement og entusiasme at vi er på lag med heile landet.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg