Hundre års fråvær er lenge nok!

DEBATT: Som fagmann ber eg: Sei ja til å gi denne delen av Bergen tilbake sin historiske identitet.

Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

  • Alf Tore Hommedal
    Førsteamanuensis, Kulturhistorisk avdeling, Universitetsmuseet i Bergen
Publisert:

LITE ATT: Arealet mellom Bygarasjen og Kaigaten var i nærare 800 år dominert av det monumentale Nonneseter kvinnekloster. No står berre to små, kvitkalka steinbygningar att - tårnfoten og kapellet - på kvar side av to nye bygardar frå rundt 1900, skriv innsendaren. Foto: Bjørn Erik Larsen

Det er ikkje lett å fatte at arealet mellom Bygarasjen og Kaigaten i Bergen i nærare 800 år var dominert av eit stort, monumentalt bygningskompleks: Nonneseter kvinnekloster som på 1500-talet vart bygd om til Lungegården hovedgård.

No står berre to små, kvitkalka og inneklemde steinbygningar att av dette ein gong så monumentale anlegget i den sørlege delen av den historiske byen. Bygningane, gjerne kalla Nonneseter tårnfot og kapell, er begge del av klosterkyrkja der klosterfolk arbeidde og bad for byen og verda i 400 år.

Deretter var steinbygningane del av hovudfløyen i Lungegården i over 350 år. At dei to inneklemde bygningane høyrer saman, er i dag uråd å sjå etter at dei rundt 1900 visuelt vart skilde av to nye bygardar som vart kilte inn i mellomalderanlegget. Samtidig vart heile arealet regulert til bygardar. Det historiske og visuelt sett dominerande og definerande anlegget vart radert vekk.

Det er dette Bergen bystyre no har høve til å gjera noko med, ved å kjøpe og rive dei to bygardane som vart oppførte mellom restane av det historiske anlegget. Dette er kjernen i avgjerda som bystyret den 19. desember skal ta om Nonneseter:

  • Bergens nasjonale ansvar til å forvalte og formidle den unike kulturarven byen har.
  • Synleggjere Lungegården for å gi bergensarane tilbake forståelsen av kvifor det heiter Store og Lille Lungegårdsvannet.
  • Synleggjere kvinneklosteret Nonneseter for å framheve ein særeigen del av byens og landets historie.

Ingen andre norske byar er i dag i stand til å formidle dette slik Bergen er. Kloster- og kvinnehistoria går heilt tilbake til få tiår etter grunnlegginga av byen. Tårnfoten har stått der i bortimot 900 av byens nærare tusen år. Nonneseter er viktig som vitnemål om at Bergen i 2020 kan feire sitt offisielle 950-årsjubileum.

Men bystyret har også ansvar for å setje kulturminna inn i ein historisk samanheng. Denne manglar i dag på Nonneseter. Bygardane frå ca. 1900 gjer det uråd å oppfatte den arkitektoniske eininga mellom tårnfot og kapell. I dag står desse som to isolerte og vanskeleg tolkbare steinfirkantar.

Først når bygningane som vart kilte inn er fjerna, vil vi på nytt kunne kople tårnfot og kapell visuelt. Vi får ikkje attende korkje klosterkyrkja eller herregården. Det er i alle tilfelle berre fragment av anlegget som vil kunne synleggjerast.

SLIK KAN DET HA VORE: Slik førestelte W. Grim seg at nonneklosteret kan ha sett ut i siste halvdel av 1200-talet, i Bergens stordomstid. Foto: W. Grim/BT-arkivet

Desse vil likevel vera så karakteristiske at folk igjen kan få eit inntrykk av det storslåtte i Nonneseter kloster og Lungegården herregård, slik ein kunne sjå det like til slutten av 1800-talet.

Det er ikkje spørsmål om den kulturhistoriske verdien dei to innkilte bygardane har, for den er klar. Ikkje minst Kaigaten 1 med sin historie som sølvvarefabrikk, har kulturhistoriske kvalitetar. Likevel er dei to bygardane ikkje unike slik dei einaste restane av eit kvinnekloster i ein norsk mellomalderby er det.

Les også

Her er de nye planene for Sandviken

Det er heller ikkje spørsmål om ein ved oppføringa av dei to bygardane har fjerna eldre konstruksjonar på Nonneseter-tomta. Det er det stor sjanse for at dei har. Men før bygningane vart oppførte, var der ei arkeologisk utgraving av tomta, og dokumentasjonsmaterialet frå denne er slik at vi vil kunne rekonstruere bygningsrisset og på nytt kople tårnfot og kapell saman.

Spørsmålet er altså om Bergen ser seg råd til å hente fram att anlegget og la det prege dagens byrom. Nonneseter kloster var i lang tid eit intellektuelt, kvinneleg kraftsentrum i Bergen og Noreg. Deretter var Lungegården så viktig i det dåverande byrommet, at herregården gav nytt namn til noverande Store og Lille Lungegårdsvannet.

Vil Bergen bystyre seie frå seg sjansen til å visualisere betre dei sentrale institusjonane som anlegget representerer i Bergens og Noregs historie?

Gode bystyre, som fagmann ber eg: Sei ja til det unike høvet de no har til å gjenskape ei visuell og tolkbar ramme for Nonneseter kloster og for Lungegården herregård. Sei ja til å gi denne delen av Bergen tilbake sin historiske identitet. Hundre års fråvær er lenge nok!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg