Ta det berre heilt med ro, karar. Det går bra.

Eg var ein mann på 26 år, nyleg utdanna politimann, i knallform, sterkare og raskare enn dei fleste, og så skulle eg av alle bli ramma av kreft?

Publisert Publisert

DET VIKTIGE HÅPET: Første møte med den unge legen på Haukeland gjorde sterkt inntrykk på meg. Det gav håp, noko av det viktigaste ein kan gje ein kreftpasient, skriv Jostein Skråmestø. Illustrasjonsfoto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Jostein Skråmestø
    Tidlegare pasient, 3. plass i Bergens Tidendes skrivekonkurranse «Historier fra Haukeland».
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

«Velkomen. Her skal vi gjere deg frisk», sa den unge mannen på Onkologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Orda prenta seg inn i hovudet mitt saman med namnet som stod på namneskiltet hans. Det var berre nokre dagar sidan eg hadde fått sjokkbodskapen på Haraldsplass: «Vi har fjerna den eine testikkelen din på grunn av ein svulst, og det viser seg at det diverre er kreft.»

Jostein Skråmestø

Året var 1974. Eg var ein mann på 26 år, nyleg utdanna politimann, i knallform, sterkare og raskare enn dei fleste. Og så skulle eg av alle bli ramma av kreft? Dette kunne ikkje vera sant. Gradvis gjekk det opp for meg at livet mitt no skulle ta ein heilt annan retning enn eg hadde trudd. I staden for eit aktivt liv med jobb, familie og vener vart det no eit spørsmål om å overleva.Viss eg ikkje overlevde, ville kona mi verta enkje etter berre fire års ekteskap, og sonen min på tre år ville verta utan far. Tanken på dette var det verste i denne fasen. Den planlagde husbygginga vår vart òg eit dilemma; burde prosjektet utsetjast, eller burde eg tvertimot bruka all min energi på å få huset ferdig slik at dei i alle fall hadde eige hus dersom eg skulle falla frå?

Eg las meg opp på kreft generelt og testikkelkreft spesielt. Sånn cirka 50/50 sjanse for overleving vart eg fortalt. Ok, då var det berre å ta kampen opp og sørgja for at eg kom blant dei som ramla ned på riktig side av gjerdet. Eit solid norsk helsevesen tok grep. Etter berre nokre dagar var eg til første time for strålebehandling på Onkologisk avdeling på Haukeland. Første møte gjorde sterkt inntrykk på meg. Det gav håp, noko av det viktigaste ein kan gje ein kreftpasient.

Dagens utstyr for strålebehandling er noko meir avansert enn det var i 1974. På kroppen min vart tatovert prikkar som skulle markera yttergrensene for stråle-behandlinga. Mellom meg og stråle-kanonen var ei glasplate, og oppå denne låg tjukke blyplater som skulle avgrensa strålebehandlinga til innanfor dei tatoverte prikkane. Kvar dag i ein månad var det same prosedyre: Inn under glasplata, på med blyplatene og på med kanonen.

Eg hugsar ikkje kor mange minutt kvar strålebehandling varte. Det eg hugsar er omsorga eg vart møtt med av dei som jobba der. Alltid vennlege ord, smil, oppmuntrande kommentarar, ei motvekt til den depressive kjensla eg alltid fekk når eg gjekk den daglege turen inn i kjellaren på Haukeland.

Strålebehandling kvar dag i ein månad tok på, men ein toler det meste når ein berre har tru på at ein skal bli frisk.

Etter avslutta behandling var det tilbake til kvardagen. Gradvis på jobb, livet skulle ta til igjen. Men over ein nybehandla kreftpasient heng eit stort spørsmålsteikn: Er du frisk no, eller blir det tilbakefall? Dersom du ikkje får tilbakefall innan fem år, kan du rekna deg som frisk, var meldinga eg fekk då strålebehandlinga var ferdig. Eg kjende mange kular både her og der i kroppen min i denne perioden, spesielt mellom det fjerde og femte året. Vi menneske er rare slik.

Og huset? Det sto ferdig i 1976, to år etter sjokkbodskapen.

Seinskadar? Å ja da. Forkalking av blodårer til høgre fot 30 år etter strålebehandlinga har medført både smerter og redusert livskvalitet. Men kva gjer vel det når det elles står til liv? Når folk tenkjer at å bli gammal er noko negativt, så spør eg om dei synest alternativet er betre?

Til min 60-årsdag for åtte år sidan invi— terte eg familie, vener og kjende til stor fest. I staden for å gje ei gåve til meg, så bad eg om at det heller vart gitt ei penge-gåve til eit forskingsprosjekt om kreft på Haukeland. Takka vera kontinuerleg forsking og utvikling gjennom alle år så er overlevelsesgraden i dag for testikkelkreft auka til ca. 98 prosent, og det er jo heilt fantastisk i forhold til slik det var i 1974. Eg var både glad og kry då eg kunne overlevera i overkant av 70.000 kroner til Haukeland etter min 60-årsdag. Under overrekkinga fekk eg og møta igjen den unge mannen som sa at her på Onkologisk avdeling ville dei gjera meg frisk. Finn Totland, hugsa eg sto det på namneskiltet hans i 1974. «Han jobbar framleis her», var svaret eg fekk då eg spurte etter han. Møtet mellom oss vart rørande då han forstod at kommentaren hans hadde gitt meg nytt håp og livsmot.

Vi menn er jo ofte opptatt av vår virilitet og fertilitet. I samband med denne innsamlinga kom eg i kontakt med overlege Marianne Brydøy. Ho har tatt doktorgrad på temaet «Langtidseffekter etter behandling for testikkelkreft». Konklusjonen er at menn i stor grad lukkast i å få barn etter ein slik historie. Eg seier som dei gjer i Rothålo: Ta da berre heilt med ro, karar. Det går bra.

I 1977, tre år etter at behandlinga mi var avslutta, fekk kona mi og eg vårt barn nummer to, ei jente. Elin var med då eg overrekte gåva til Haukeland, og med oss hadde vi også mitt første barnebarn, Ronja. Så difor seier eg igjen: Ta det berre heilt med ro, karar. Det går bra.

Eg blir fortvila på kreftpasientar sine vegner når eg høyrer om folk som går i månadsvis og ventar på behandling. Rask reaksjon betyr utruleg mykje for pasienten og dannar grunnlaget for ei offensiv haldning og livsvilje. Så er det også viktig at forsking om kreft held fram med stor styrke. Det verkar.

No er eg blitt 68 år, eg kan sjå attende på eit rikt og godt liv. Mykje takka vera folka på Haukeland universitetssjukehus som gav meg rett behandling og nytt håp og mot til å kjempa for livet.

Eg er djupt takksam.

Intervju med de tre vinnerne av skrivekonkurransen:

Les også

-

Les også

Vi menn er jo ofte opptatt av vår virilitet og fertilitet

Podkast — hør Jostein Skråmestø og de to andre vinnerne lese sine tekster:

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg
  1. Historier fra Haukeland