Me har begge konebunad

Hjå oss er det alltid ei mamma heime.

Jenny Tøn og kona Lisa Maria Breistein Sølvberg har to barn og bur på Voss.
  • Jenny Tøn
    Voss
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg tenker på familien min.

Ungane er jordbær, kona mi Lisa er raudvin.

Raudvin som er yngre enn meg, men med djupn som av eikefat.

Eg koker havregraut til ungane, morgon og kveld. Dei dynger den med smør og sukker.

Me snakkar saman, eller dei kastar mjølk og skeier, og eg dukkar.

Me har Gerd Brantenberg i bokhylla, Kim Friele i minnet, og me går i Pride-parade.

Samstundes går eg og kjøper mjølk, brød og bananar, mjølk, brød og bananar, mjølk, brød og bananar. Me er temmeleg A4.

Jenny Tøn meiner sjølv ho lever eit særs vanleg familieliv med kona Lisa.

Eg har som sagt homohistoriske Gerd Brantenberg i bokhylla, men det er Hedvig Montgommery eg les.

Me gifta oss i kvite brudekjolar.

Då eg fødde barn, signerte Lisa som far.

Folk på gata seier eg liknar på sonen vår, han kona mi fødde, han som eg ikkje har eit einaste felles gen med, det varmar mammahjarta mitt.

Det er ikkje viktig for meg om det er fordi me faktisk liknar eller ikkje.

Kona mi er som ein sushirull som eg gler meg til å setja tenna i. Ho er sunn og god, og eg vert mett og glad.

Eg hentar dottera vår i barnehagen, eit barn spør kvifor har Sonja to mammaer, dei som jobbar der seier at Sonja er heldig, eg veit ikkje kva eg skal seie, men eg liker at me snakkar om det.

Eg er husmor og Lisa er husmor, me byter på.

Eg reiser vekk på jakt, ho reiser vekk på jobb.

Det er alltid ei mamma heime.

Vår kjærleik kjem ofte på trykk i lokalavisa, me er moderne postergirls for det skeive livet.

Eg er stolt. Film, foto og tekst me kan visa, meg og Lisa.

«Me gifta oss i kvite brudekjolar», skriv innsendaren. Her frå bryllaupsfesten.

Kjærleik for meg er at me er glade i og nysgjerrige på kvarandre, at me vil veta av kvarandre og gjera godt mot kvarandre.

Me fungerer best når me legg lærdommen av det me gjennomgår til som ein ny del av eit sterkare og stødigare fundament.

Eg ser deg.

Du ser meg.

Eg er så bra som eg kan bli – med kona mi.

Teksten er skriven til «Platons drikkegilde» på Det Vestnorske Teateret.

Publisert: