Rokkans vranglære om Sps ruspolitikk

Vi vil verne dei unge og hjelpe dei «tunge».

«Vi er einige med Rokkan i at det er desperat behov for ein rusreform. Men Senterpartiet meiner at det ikkje er avkriminalisering som trengs», skriv Kjersti Toppe (Sp). Foto: Knut Egil Wang (arkiv)

  • Kjersti Toppe
    Stortingsrepresentant (Sp)
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

BTs kommentator Anne Rokkan kritiserer 17. februar Senterpartiets ruspolitikk. Det er hennar rett.

Her er fem påstandar Rokkan kjem med, og kvifor dei er feil:

1

Avkriminalisering fører ikkje til auka bruk

«Det kan ikke utelukkes at reformen vil bidra til en viss økning i narkotikabruk», skriv Folkehelseinstituttet. Foto: Rune Sævig (arkiv)

Rokkan skriv at det er ingen teikn til at det å avkriminalisere narkotika gjer at folk brukar meir av det.

Folkehelseinstituttet kjem med ein grundig imøtegåing av dette i sitt høyringssvar. Dei skriv at ein slett ikkje kan utelukke at narkotikabruken i befolkninga vil auka som følgje av reforma.

Les også

Les kommentaren Toppe svarar på: «Vedums vranglære»

2

Forbod verkar ikkje

Amfetamin er meir vanleg i Noreg enn mange andre land. Foto: Bård Bøe (arkiv)

Rokkan viser til at Oslo, trass i forbod, er i Europa-toppen på amfetaminbruk. Men ifølgje rapporten ESPAD 2019 er Noreg blant dei landa kor færrast av dei unge prøver eller bruker narkotika. I Noreg gjeld dette i alt 12 prosent av gutane og 6,5 prosent av jentene. I Italia er tilsvarande tal 31 prosent og 24 prosent. I Danmark 23 prosent og 13 prosent.

Så når det gjeld narkotikabruk, har den norske modellen med ein kombinasjon av førebygging, lovforbod og alternative reaksjonar med behandling, fungert bra.

3

Alle kan ikkje gå rundt med masse narkotika

Dette er ei form for syntetisk hasj. Foto: Silje Kathrine Robinson, Megafon (arkiv)

Rokkan forsvarar rusreformens forslag om brukardoser. Folkehelseinstituttet peikar i sin høyringsuttale på at kvar person med dette forslaget vil kunne ha dosar som vil vere under «terskelen» for ti forskjellige stoff, men som i sum er tilstrekkelig for dagleg bruk av ein rusdose i rundt eitt år.

Det er faktisk masse narkotika det, Rokkan.

4

Ungdom blir ikkje meir utsett med rusreforma

Mange unge vil oppfatte avkriminalisering som at narkotika no blir «lovleg», skriv Toppe. Foto: MARK BLINCH, NTB

Vel, det er det mange høyringsuttalar som er ueinige i. Avkriminalisering vil gjere den førebyggande innsatsen til politiet vanskeleg.

Mange av dagens ordningar for oppfølging av ungdom med begynnande narkotikabruk, som ruskontrakt, vil ikkje kunne bli vidareført. Mange unge vil oppfatte avkriminalisering som at narkotika no blir «lovleg». Det får ingen særlege konsekvensar om ein blir tatt.

5

Senterpartiets forslag er ikkje betre

Senterpartiet vil ha rusreform, men ikkje avkriminalisering, skriv Kjersti Toppe. Her med partileiar Trygve Slagsvold Vedum før koronapandemien. Foto: Tor Høvik (arkiv)

Då må Rokkan sette seg inn i forslaget. Narkotikaavhengige skal i vår modell ikkje straffeforfølgast, men møtast med helsehjelp.

Det får fint an å få til, utan ein generell avkriminalisering av narkotika. For ikkje-avhengige brukarar av narkotika, inkludert unge under 18 år, vil vi oppretthalde muligheit for straff, men alternative straffereaksjonar skal vere det vanlege slik at ungdom kan få oppfølging i staden for straff.

Vi er einige med Rokkan i at det er desperat behov for ein rusreform. Men Senterpartiet meiner at det ikkje er avkriminalisering som trengs. Det som trengs , er ein førebygging- og behandlingsreform på rusfeltet. Som vernar dei «unge», og hjelper dei «tunge».

Publisert
  1. Webview
  2. Narkotika
  3. Hasj
  4. Folkehelseinstituttet
  5. Senterpartiet (Sp)

Les mer om dette temaet

  1. «Å avkriminalisere narkotika i Norge er ikke et eksperiment. Vi vet at det funker.»

  2. Fronter arbeid for ny rusreform

  3. Ny bergensfilm om rus: – Jeg var redd noen skulle dø mens vi filmet

  4. – Selvmotsigende fra politimesteren

  5. – Ingen grunn til å frykte økt bruk av narkotika

  6. – Hasjsalg på polet vil være et svik mot byens unge

BT anbefaler

Sjekk Branns krav­liste til ny sportssjef

Inntil Brann får ny sportssjef på plass har trener Kåre Ingebrigtsen et utvidet ansvar for kjøp og salg av spillere i…

LES SAKEN