Tida vil aldri bli moden for Arbeiderpartiet sin skulepolitikk

Høgre vil ha meir praksis og mindre teori.

«Skal du jobbe som elektrikar, så er det viktigare at du kan faget ditt enn at du kan analysere dikt», skriv innsendarane. Foto: Eirik Brekke (arkiv)

  • Lise-May Sæle
    Ungdomskandidat for Høgre i Hordaland valkrets
  • Elias R. Eide
    Ungdomskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane valkrets
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Etter at venstresida ikkje løfta ein finger for yrkesfag, starta oppvasken i 2013. I motsetnad til Arbeiderpartiet har vi store ambisjonar for yrkesfag og historia har vist at vi evnar å gjere noko med det.

Dersom det er ein ting vi veit om framtidas arbeidsliv, så er det at vi treng fleire dyktige og kompetente fagarbeidarar.

Les også

Ap-innlegget dei svarar på: Alle skal få en læreplass

For det første vil Høgre ha meir praksis og mindre teori. Skal du jobbe som elektrikar, så er det viktigare at du kan faget ditt enn at du kan analysere dikt. Endå fleire av dei som går yrkesfag, bør difor også få mogelegheit til å ta utdanninga i ei bedrift.

For det andre må vi sørge for fleire lærlingplassar. Arbeiderpartiet og LO trur at dei berre kan vedta på Stortinget at det blir fleire lærlingplassar og så dukkar dei opp av seg sjølv. Det er litt som å tru at ein kan vedta at det aldri meir skal regne i Bergen – alle veit at det ikkje kjem til å skje. Lærlingtilskotet har auka med rundt 55.000 kroner med Høgre i regjering, og no går vi til val på å auke det ytterlegare.

Lise-May Sæle (H) og Elias R. Eide (H) ber Ap og LO om å ta av seg dei ideologiske skylappane sine. Foto: Fredrik Mohn / Privat

Les også

Delta i BTs skrivekonkurranse, «Den nye normalen». Førstepremie: 10.000 kroner.

Sjølv om rekordmange elevar no søkjer seg til yrkesfag, er det framleis nødvendig å få fleire unge til å velje yrkesfag. Vi går til val på å tilby yrkesfagleg valfag i ungdomsskulen, opprette fleire profilskular og gjere yrkesfag endå meir relevant.

Vidare vil vi også auke attraktiviteten ved å tilpasse yrkesfaga til næringslivet sine behov, sørge for at elevane møter meir moderne og oppdatert utstyr i skulen, samt auke kompetansen til lærarane på yrkesfag.

Høgre vil ha verdas beste skule der elevane har like mogelegheiter uavhengig av kven ein er, kjem frå eller har til namn. Tida vil aldri bli moden for Arbeiderpartiet sin skulepolitikk. Det er tid for at Arbeiderpartiet og LO tek av seg dei ideologiske skylappane sine og startar å anerkjenne den enorme satsinga denne regjeringa har stått for.

Publisert
  1. Yrkesfag
  2. Skole og utdanning
  3. Lærlinger
  4. Politikk
  5. Skolepolitikk

Les mer om dette temaet

  1. 300 mangler skoleplass – tror elever må sendes ut av Bergen

  2. – Krisen i vidare­gåaende handlar ikkje om gjennom­føring

  3. «Det finst gode argument for å skrote historie, religion og geografi»

  4. Nye regler på videregående: – Tror ikke det kommer til å bli gjennomført

BT anbefaler

Barne­hager får ikke nok barn: – Har måttet si opp ansatte

– De små barnehagene taper terreng i kampen om barna. Det er trist.

LES SAKEN