Den daglige kampen om å komme først på jobb

Om det er nokon som treng å skjerpe seg, er det alle suringane som ser på medtrafikantar som ei personleg fornærming.

STAS: – Eg tykkjer det er stas eg, når el-syklistane summar forbi med stil, skriver innsendaren. Jannica Luoto

Roar Ulvestad
lærer, tilligsvalgt og Lanterne rouge

Eg har vore med i «Tour te jobben» i om lag 25 år no, og sett min del av risikoåtferd i det bergenske bybilete. I dei fleste åra har eg sykla forbi Solheim kyrkjegard på Fjøsanger, og eigentleg teke det som ein siger i seg sjølv. Nok ein dag på rett side av muren.

Eg har for lengst innsett at tid er ein knapp ressurs, men ser dagleg syklistar og andre trafikantar som verkar rimeleg sikre på sin eigen udødelegheit. Ære vere dei, i eit eventuelt etterliv treng dei sikkert heller ikkje hjelm, lys eller refleksvest.

Sjølv har eg kome godt frå desse åra, sjølv om daglege turar innom giftloket i sentrum garantert ikkje er utan seinskadar. Eg stolar på at det er betre å vere høgt fungerande autist med partikkelstøvhoste enn lågt fungerande bilist med fin matpakke i passasjersetet.

Eg har ikkje hatt nokon store uhell i desse åra, og dei par gongane det har smelt, har det berre vore mi eiga skuld. Med både kondomdrakt, hjelm og ei bjølle eller to ved stanga er det sjeldan naudsynt å hoppe av i svingen. Vi røynde med ettersittande utstyr senker berre farta og viser omsyn. Då vert dei fleste tilfredstilte, og ingen treng medisinsk tilsyn eller oppfølgjing.

At nokon treng elektriske hjelpemiddel, medan andre klarar seg med naturmetoden, er inga skam i dag. Husk å lade batteria jamnleg.
No er ein el-syklist ute i BA og klagar på somme syklistar i min eigen utskjelte kategori, mannfolk på 50 pluss, på dyre syklar. Eg støttar ho heilhjarta, og det er pinleg når ho fortel at ho får kjeft når ho syklar forbi somme i oppoverbakkane.

Eg tykkjer det er stas eg, når el-syklistane summar forbi med stil. Dei sit rett opp og ned og cruisar av garde i 25 kilometer i timen utan at det trillar ein sveittedrope. Dei ser både byrge og glade ut, og eg trur dei kosar seg. At eg sakkar akterut med mitt eine gir medan sveitten renn, er berre kos for ein tilårskomen særing.

Mi innstilling i trafikken, som i livet, er at vi må sortere dritsekkane ein for ein. Om det no er på det politiske spekteret, om det er sjefen, kollegaen, svart eller kvit, bilist, kondomsyklist eller elektrifisert tohjuling i fin flyt. Eg trur el-syklistane ligg godt an, og eg tek imot dei med opne hender i trafikken (utan å sleppe styret so klart). Kvar syklist betyr ein matpakkebilist mindre, og det er plass til oss alle.

Om det er nokon som treng å skjerpe seg, er det alle suringane som vil ha monopol på vegbanen og ser på alle medtrafikantar som ei personleg fornærming. Førebels er det fleire kondomsyklistar enn elektriske, og mange av dei ser rimeleg triste ut. Det er vel berre joggarane som kan overgå dei i livslede og apatiske blikk.

«Tour te jobben» er touren der vi ikkje helser. Det er touren der vi skal sykle forbi alt og alle. Det er den daglige kampen om å bli først på jobb og først heim. Det er femtiåringen si hevn over alt som er dumt og gale i denne verda. Om du skal vere med i denne klubben, må du ha skylappar, gravalvor, felgar til ti tusen kroner, og forakt for alle dine medtrafikantar.

Eg har for lengst meldt meg ut. Å kunne vere med på «Tour te jobben» er ein siger i seg sjølv. I den mindre viktige konkurransen Tour de France får den siste i mål tittelen «Lanterne Rouge», den «Raude lanternen». Denne kan eg gjerne ha, då veit eg i alle høve at eg ikkje har sykla forbi nokon.

Proffsyklisten Wim Vansevenant frå Belgia vart for øvrig sist i samendraget i Tour de France tre år på rad; 2006, 2007 og 2008. Det er ein prestasjon det står respekt av. Heller sist for eigen maskin enn først med livet som innsats.

Men: Ikkje be meg om å kommentere folk på rulleski som tek heile vegbreidda, eller syklistar som lagar kø på bilvegen med ein fin gang- og sykkelsti rett ved sida av.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg