Derfor er Resett nyttig

DEBATT: Semje om det politisk korrekte ligg ofte som ein demning og stengjer for tilsig av friske synspunkt.

Publisert: Publisert:

FRI TANKE: Det står betre til med ytringsfridomen i Noreg enn mange andre stader, meiner innsendaren. Han gir nettstaden Resett ros for å gjere meiningsmangfaldet større i Noreg. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix (illustrasjonsfoto)

Debattinnlegg

Oddvin Alfarnes
Bergen

Kampanjen for å øydelegga nettstaden Resett brukar fleire verkemiddel, mellom anna forakt uttrykt ved skammeteikn: Nettstaden er «avis», Helge Lurås er «redaktør». At folk går amok i kommentarfeltet, kan ikkje vera den viktigaste kvalitetsvurderinga av ei nettavis, i så fall står det dårleg til med dei fleste. Feilen er anonymiteten, som gjer det fritt fram for kvar og ein å herja med ukvemsord.

Men Resett hjelper til å halda ved lag eit meiningsmangfald, som utan ein slik kanal ville vore mindre.

Det var den einaste staden eg fekk trykt ein tekst om omskjering. Ein artikkel av meg om dette fekk ikkje plass verken i Klassekampen eller i Dag og Tid. Eg vende eg meg til Fri Tanke, organet til Human-Etisk Forbund. Der fekk eg ikkje svar eingong. Ved nærare undersøking fann eg ut at Human-Etisk Forbund for nokre år tilbake hadde hatt dette som ei viktig sak. Men så viste det seg at ein av dei som fronta saka visstnok var, eller blei, høgreekstrem.

Oddvin Alfarnes Foto: Privat

Då er vel eg det, eg òg, sidan Helge Lurås let meg komma til orde.

Mainstream media er nettopp det. Ein må vera forsiktig med saker som kan føra til «guilt by association» (skyld pga. tilknytning). Den viltre fjellbekken bør ikkje uroa hovudstraumen. Heilt i starten av metoo-flaumen hadde eg nokre kjetterske betraktningar som heller ikkje fekk spalteplass.

Det var noko om ulv, ulv og at alvorlege overgrep lett kunne koma til å drukna i skumsprøytande indignasjon over frekke mannfolk. No er dette nesten blitt mainstream. På grunn av berøringsangsten blei likevel redaktør Ian Buruma pressa ut som redaktør av New York Review of Books, etter å ha late trykka eit kontroversielt metoo-essay.

Les også

Ingebjørn Bleidvin: «Rikingane bak nettstaden Resett er skremmande likegyldige til det dei er med på»

Ytringsfridom er eit umisteleg gode, og eigentleg kan eg ikkje klaga: Eg har opplevd å få betalt for mine ytringar i fleire aviser. Eg må innrømma at eg synest det var leitt då dei ikkje lenger ville betala for kronikkar. – Kva, er det ikkje ytringsfridom her i landet, vil du ikkje betala for meiningane mine? Den var god! Nei, no kan ein ikkje lenger ha illusjonen av å gjera lønna arbeid, det er berre spørsmål om å få meiningane sine på trykk – litt flaut, på ein måte.

Men meiningsmangfald, det er så viktig – seier alle. Så får ein seia frå likevel, tilby eit alternativ. Og det er her Resett kjem inn. Kanskje dei tør der andre teier fordi dei ikkje er så redde for å koma i berøring med noko dei ikkje kjenner seg trygge på?

FÅR ROS: Resett-redaktør Helge Lurås Foto: Signe Dons

Bererøringsangsten er ofte sterk i politikken. I fleire år var ikkje Sosialistisk Folkeparti og Finn Gustavsen stovereine. Det var ikkje lett å ytra seg mot Vietnamkrigen i starten. Seinare galdt det Carl I. Hagen. No er det mange som ikkje torer å seia det dei meiner fordi Sylvi Listhaug kan ha sagt det same. Det er litt som med dalitane, dei kastelause, dei er urørlege. Sterkt av Knausgård å kalla boka si Min Kamp. Dei fleste må halda seg langt unna slike assosiasjonar.

Å seia noko som Mao kan ha meint, eller Stalin sagt, eller Trump, eller Putin – då er du fort ute av det gode selskap. Konsensus om det politisk korrekte ligg ofte som ein demning og stengjer for tilsig av friske synspunkt.

Les også

Tryggve Raaen Nilsen: «Resett er viktig for samfunnsdebatten»

USA si rolle i Chile og Venezuela, Norges rolle i Libya – det tek tid før demningen sprekk. I samband med karikaturstrida var det mange kommentatorar på høgste nivå i samfunnet som sprang rundt etter halen sin: ytringsfridom, ja – men ... Vebjørn Selbekk stod lenge nokså åleine.

La sovande hundar ligga, heiter det. Noko må ikkje nemnast, ikkje rørast ved. Det er det farlege, det er trollet. Som Trollmannens læregut hos Goethe kan ein koma til å sleppa laus krefter som ikkje let seg styra. Vel, kanskje er det ikkje alle troll som sprekk i sola. Å lata som dei ikkje finst, gagnar likevel ikkje.

Det står betre til i Noreg enn mange andre stader. Tabuiseringa av visse haldningar og synsmåtar er likevel altfor sterk. Men når demningen først brest, då er det ikkje måte på. Då blir motstemmene brått til hovudflaum.

Som den gamle vismann Ivar Aasen sa det: «Når den eine so gjerer rop, so ropar sidan den heile hop.» Derfor er det bra om motstemmer kjem til orde før det blir flaum av det. Her trur eg faktisk Resett er ein nyttig kanal.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg