Dei som køyrer bil, må betale for det

Det er djupt usosialt om vi skal la folk som har råd til å bu andre stader få forureine folk som ikkje har råd til å flytte.

Eirik Brekke (arkiv)

Debattinnlegg

Marthe Hammer
Nestleiar utval for miljø og samferdsle, Hordaland fylkesting (SV)

Eg innrømmer at bompengar rammer alle – uavhengig av lommebok dersom ein køyrer bil. Likevel meiner eg byvekstavtalane med bompengar både er omfordelande og heilt naudsynt for å få ein miljøvennleg og attraktiv by med god luftkvalitet.

Helse først. Foreløpige tal viser at Bergen i 2017 hadde det lågaste nivået av luftforureining som er målt dei siste 15 åra. I 2015 kunne NRK vise at mellom tusen og to tusen innbyggjarar i Bergen bur i område som gjennom heile året har så dårleg luftkvalitet at det er ulovleg.

Dei aller fleste er vanlege folk med låge inntekter, slik som på Danmarksplass og Gyldenpris. Mange har ikkje råd til å flytte. Det er djupt usosialt om vi skal la folk som har råd til å bu andre stader få forureine, slik at fattige barn med astma ikkje kan gå ut å leike om vinteren.

Les også

Ny episode av podkasten BT20: Det vestlandske bompengeopprøret - er grensa nådd?

Å fjerne bompengane er ikkje eit alternativ. Trafikkaos og helsefarleg luft er resultatet for alle store byar som veks, og som ikkje styrer utviklinga i retning kollektivtransport og miljøvennlege løysingar. All forsking og erfaring viser at vi ikkje kan byggje oss ut av bilkøane.

Skal folk bytte over frå bil til kollektiv, må det lønne seg å velje miljøvennleg, både i tid og kroner. Med bybane har vi eit raskt og føreseieleg alternativ til bil. Vi har også prioritert ei kraftig auke i busstilbodet. Med rushtidsavgift har vi sikra framkommelegheit, ikkje berre for bussen, men og for nyttetrafikken.

Tala syner at vi har lykkast. Biltrafikken inn mot sentrum er blitt seks prosent lågare frå 2015 til 2017. Biltrafikken inn mot sentrum er 20 prosent lågare enn i 1990. Talet på kollektivreisande i Bergen er nær dobla frå 2010 til 2017.

For mange lønner det seg allereie å reise kollektivt. Dei som syklar, går eller tar buss og bybane, held transportkostnadane sine nede. Forsking viser dessutan at låglønte kvinner i større grad reiser kollektivt, mens menn med middels og høge inntekter køyrer meir på motorvegane. Det er med andre ord omfordelande å satse på kollektiv i staden for bil.

Det betyr at dei som køyrer bil, og slik aukar luftforureininga og trafikkøane, må betale litt meir for det. Det kan for mange synest usosialt, men SV er både eit raudt og grønt parti.

Vi nyttar bompengar til å stimulere folk til å velje buss, bybane og sykkel, og til å sikre betre luft. Då kjem vi i dag ikkje utanom bompengar og rushtidsavgift.

Vil du vite meir? Høyr podkasten BT20 om bompengar her:

Folkemøte om bompenger

Velkommen til BTs folkemøte om bompenger fredag 5. oktober kl. 17-18.30 i Media City Bergen (Lars Hilles gate 30). Gratis adgang. Billetter fås her. Les mer om arrangementet på BTs Facebook-side.