Ikkje kom til meg med ein «profesjonell ryddar»!

I dag er minimalisme i heimen blitt vegen til lykke. Men mine skap og skuffer bognar av ting.

Publisert: Publisert:

NYTTE: Mine skap og skuffer bognar av ting. Alt dette gir meg gode minner og eg ser bruksområde for ting eg kan nytte i jobben min som lærer, skriv innsendaren. Biletet er frå eit loppemarked på Slettebakken skole i 2013. Foto: Kristine Lindebø (arkiv)

Debattinnlegg

Astrid Hus
Høgskolelektor, Institutt for estetiske fag ved Høgskolen i Sørøst Norge

Minimalisme er tidas mantra. Slik det ofte blir framstilt i media eller i sjølvhjelpslitteratur, ser vi at det å ha mange ting, tyder på at du er dårleg til å halde orden i eige hus.

Du skal kvitte deg med alt du ikkje treng. Og det er svært minimalt kva du eigentleg treng, meiner nokon. Boktitlar som «Ditt ryddige jeg», «Magisk opprydding» og «Synnøves system» blinkar i reklamespalter.

Det er innforstått at dei som har mange ting, ikkje klarar å halde styr på eige liv. For det som gjeld no, det er minimalisme, og då skal her rydjast. Bodskapen: Om du kvittar deg med ein del ting, vil du få eit lykkelegare liv.

Mine skap og skuffer bognar av ting eg har arva, kjøpt eller fått eigarskap til gjennom loppemarknad, og gåver frå andre som veit kva eg likar og som vil kvitte seg med noko dei er leie av eller ikkje lenger har plass til, eller kanskje fordi dei har kjøpt noko nytt i staden. På loftet ligg esker med ting eg har pakka ned.

Alt dette gir meg gode minner og eg ser bruksområde for ting eg kan nytte i jobben min som lærer på høgskulen.

Eg har i alle år eg har undervist nytta eigne gjenstandar i samband med undervisning. Desse gjenstandane kan gi oss mykje kunnskap. Dei viser kva vekt tidlegare generasjonar har lagt på utføring av eit arbeid, flid og nøyaktige saumar, val av gode materiale og god farge – og formsans. Dessutan byggjer vår kunnskap på erfaringar frå dei som har gått føre, og viser oss kva dei har lagt vekt på ut frå dei ressursane dei har hatt til rådvelde til kvar tid.

Dei siste åra har det blitt svært vanleg med bruk av Powerpoint i undervisning. Her vert ofte størrelse på gjenstandar viska ut. Vi skil ikkje mellom stort og smått. Dette tar bort ein viktig informasjon ved ein gjenstand. Er dette eit lite broderi eller eit stort veggteppe?

Ved å vise gjenstandar slik dei er, kan vi få forståing for størrelse, gjenstandstype og ikkje minst materiale. Vi kan få eit nærblikk på utføring anten det er noko strikka, vove eller sydd med sirlege saumar.

For den som eig ein gjenstand, kan han vere knytt til mange minner, minner om den som har eigd gjenstanden, om kven som har laga han. Eit foto tar frå oss gleda ved å oppleve ein gjenstand med sansane. Når eg opnar ei eske eller ein pose med tekstilar eg ikkje har sett på lenge, kan eg få hjartebank av glede. Å sjå igjen ting eg set pris på, gir meg nytt blikk og ein sterk inspirasjon. Dette er augneblink eg ikkje vil vere utan.

UNYTTIG? Minimalisme er tidas mantra. Du skal kvitte deg med alt du ikkje treng. Det er innforstått at dei som har mange ting, ikkje klarar å halde styr på eige liv, skriv innsendaren. Foto: Eirik Brekke (arkiv)

For å kunne rydde, må ein gjerne kaste ting. Det er blitt TV-underhaldning å sjå profesjonelle hjelpe personar med fulle skap og skuffer og store matlager. I mange tilfelle vil rydde bety å kaste. Det norske søppelberget blir større og større. Folk kastar, samtidig som dei heile tida kjøper nytt.

Brutalt har vi vore vitne til at ein «profesjonell» ryddar invaderer andre sine heimar for å fortelje dei at dei kan ikkje leve slik dei gjer. Brutalt ser vi at dei sorterer i haugar: ein å gi bort, ein å selje, ein å kaste. Det som vert kasta, kan gjerne vere ei samling som er opparbeida over lengre tid, og kanskje kan ha stor verdi for den som eig det. Ei kulepennsamling bygd opp over fleire år, ei kjolesamling eller koppar som er samla frå mange hyggelege reiser i inn- og utland. Dette blir truleg gjort for at TV-programmet skal ha størst mogeleg underhaldningsverdi.

Eg har ikkje sett mange av desse programma, for eg opplevde det så brutalt. Dette er å invadere folks privatliv. Eg har så stor glede og nytte av alt eg sjølv eig at eg tenkjer eg ville blitt svært ulykkeleg om dette hadde hendt i mitt hus.

Mykje av det eg eig, brukar eg som inspirasjon i oppgåver til studentar. Nyleg hadde eg ei utstilling i Foajegalleriet der eg viste ei samling badedrakter med både høg skjering og plastinnlegg.

Denne utstillinga kunne ikkje vore mogeleg om ikkje mine formødre og andre hadde teke vare på badedrakter som ikkje lenger var i bruk. Bestefar si gamle badebukse med bein og singlet-form og mi eiga badedrakt frå symjeundervisninga i fjæresteinane på Vestlandet kunne lett ha gått tapt om dei eg har vakse opp med hadde kasta alt som ikkje var i bruk.

Ved utstillinga opplevde eg at dei utstilte gjenstandane gav både aha-opplevingar og sette i gang mange minner: «Eg hugsa eg hadde ei slik badedrakt, ho vart så posete når ho vart våt … det var flaut», var ein av kommentarane eg høyrde frå publikum. Utstillinga gav andre stor glede og gjenkjenning, slik eg opplevde det.

EKTE: Ein lærer meir av å sjå og kunne kjenne på, snu og vende på konkrete gjenstandar enn å oppleve alt gjennom ein skjerm, skriv innsendaren. Foto: Rune Sævig (arkiv)

Når eg lagar utstillingar, arbeider eg ofte med fargelære, og kontrastar er ofte i fokus. Fordi eg ikkje er bunden av at alt skal vere korrekt i høve til tidsperiode, kan eg stå fritt til å setje inn eit par gule gummistøvlar med prikkete skoreimar som kontrast til ei svart badedrakt i kraftig ulltrikot eller fylle eit BH-liv med plastikkblomar, berre for å gi ei overrasking til tilskodar. Ein lærer meir av å sjå og kunne kjenne på, snu og vende på konkrete gjenstandar enn å oppleve alt gjennom ein skjerm.

For å kunne lage slike utstillingar, må eg ha mange ting, eit lager med ulike gjenstandar: blomstrete kjolar, stripete blusar, bukser med store lommer, høghæla rosa lakksko, gamle vovne skjørt, plastroser, kuler, boksar og mange, mange, andre rare, interessante fargerike ting!

Dette gir meg mykje glede, og gir grunnlag for utstillingar, samtalar og refleksjon. Så ikkje kom til meg med ein «profesjonell ryddar»!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg