Usakleg og usmakleg av BT

DEBATT: Kvifor reagerte eg, og mange andre, på denne overskrifta i BT: «Kvinnelig lærling om bord i flytedokken da den kantret»?

PROVOSERTE: Innsendaren reagerer kraftig på denne tittelen, som stod å lese på bt.no tysdag. BT-redaksjonen fjerna ordet «kvinneleg» frå tittelen 29 minutt etter at artikkelen vart publisert. Då hadde fleire lesarar klaga. Faksimile, bt.no 27. november 2018

Ane Marte Halkjelsvik
Bergen

Dei fleste som kommenterte under artikkeldelinga på Facebook er eg samd med. Dei synest det var usakleg av BT å opplyse om og fokusere på kjønnet til lærlingen. Nokre meiner derimot at vi som reagerer på dette berre er krenkja og at det er dust å bry seg om (og i alle fall bli krenkja av!) slike uviktige saker.

Då vil eg freiste å forklare kvifor eg meiner dette er ei viktig sak å reagere på (at ein reagerer er heller ikkje det same som at ein er krenkja, sjølv om eg synest det er heilt greitt å kjenne seg krenkja også).

Det ligg ei automatisk forklaring, og skulding, i å setje «kvinneleg» framfor «lærling». Etter mi meining påstår BT gjennom fordommar som bur i lesaren at det er ein samanheng mellom kjønn og hending. Det er spekulativt, usakleg og usmakleg.

REAGERER: Ane Marte Halkjelsvik skuldar BT for å spreie fordommar om kvinner. Privat

Dette er langt frå den einaste gongen eg har lest slike overskrifter og vinklingar. Det er som om ein har eit sett grunnomgrep som høyrer til menn, til dømes lærling, politibetjent, parkeringsvakt, kaptein, sjåfør. Når ei kvinne plutseleg har forvilla seg inn i ei slikt yrke eller ei slik rolle, blir det som regel understreka. Sjølv om kjønn har mindre enn minst med saka og gjere.

Det feminine blir i mange samanhengar sett på som svakt og dårlegare enn det maskuline, og dette rammar menneske av alle kjønn. «Kaste som ei jente» er det same som å kaste dårleg. Likeins med å «springe som ei jente» og «å grine som ei jente», og «hyle som ei jente» vil dei fleste heller helst ikkje bli skulda for å gjere. Då er vegen til «å vere lærling som ei jente» kort.

Det er altså mindre verdt å vere feminin i ei maskulin verd, det er heilt tydeleg gjennom språket vårt. Eg spurte dottera mi på ni år kva ho trur ein gut ville føle om ein sa at han kastar som ei jente. Ho svarte at han ville bli lei seg, fordi «jenter er liksom mindre flinke i alt». Eg blir litt lei meg når ho som berre har vore på denne jorda i ni år meiner at det er sant. For det er ikkje sant. Og så lenge media lagar slike overskrifter og vinklar sakene sine på denne måten, vil det vere vanskelegare å endre på denne forelda måten å tenkje og snakke om kvinner og det feminine på.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg