Overforbruk av helsetenester kan vere skadeleg for deg

DEBATT: Sjølv det mest ivrige og spandable helsevesen vil aldri kunne garantere at ein ikkje er sjuk.

GÅR OVER AV SEG SJØLV: Ei undersøking vi sannsynlegvis allereie utfører for mykje av i Noreg, er MR av kneet. Som regel er det snakk om tilstandar som går over av seg sjølv, med god hjelp av opptrening, skriv innsendaren.

  • Sverre Litleskare
    Allmennlege i spesialisering og Ph.d.-kandidat, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB
Publisert:

I ei tid der somme let til å tru at meir av noko alltid er til det betre, kan det vere verdt å minne om at det faktisk finst noko slikt som for mykje helsetenester. Det handlar om for mykje prøvetaking, for mange røntgenundersøkingar, for mange tilvisingar, kort sagt for mykje utgreiing. Det kan vere fleire grunnar til at det har vorte slik. Det er mange pådrivarar i samfunnet for denne utviklinga.

Private aktørar er ein faktor. Lækjarkontor som tilbyr generelle helsesjekkar, «EU-kontroll» til elles friske menneske, skapar ei forventning i folket om at også det offentlege bør tilby dette. Det kan gi folk tankar om at ein er sjuk til det motsette er prova, noko som attpåtil strid mot vår eigen kloke Kong Harald sin filosofi om helse. Kongen ser på seg sjølv som frisk til det motsette er prova.

Det er i grunnen den einaste farbare vegen, all den tid sjølv det mest ivrige og spandable helsevesen aldri med hundre prosent sannsyn vil kunne garangere at ein ikkje er sjuk.

Norsk offentleg helsevesen let ikkje vere å tilby friske folk generelle helsekontrollar fordi dei er gjerrige eller sadistiske. Generelle helsekontrollar til friske kan faktisk vere skadeleg og ein årsak til uhelse, og dimed ikkje noko det offentlege driv med.

Les også

De vil advare andre mot risikoen: Roar Gulbrandsen (68) døde få dager etter prostataprøve (abo)

Ei undersøking vi sannsynlegvis allereie utfører for mykje av i Noreg, er MR (avansert bileteundersøking) av kneet. Ved kortvarig smerte framme på kneet utan andre alvorlege teikn på sjukdom der, er det som regel snakk om tilstandar som går over av seg sjølv, med god hjelp av opptrening.

I dei fleste høve vil resultatet frå MR i denne situasjonen ikkje ha konsekvens for vidare behandling. Tek ein likevel MR av eit slikt kne, kan ein i verste fall kome i ein situasjon der andre tilfeldige funn på MR (som det kan vere vanskeleg å bedømme om eigentleg er årsak til smertene) gjer at avgjerda likevel fell på å operere. Ein risikerer i så fall å gå gjennom ein unødvendig operasjon som kanskje berre er skadeleg.

Eit aukande repertoar av helseteknologi, blodprøvar og undersøkingar vil også kunne føre til meir overdiagnostikk. Ein av farane er at ein oppdagar tilfeldige tilstandar som elles ville ha gått over av seg sjølv, eller som pasienten lukkeleg uvitande kunne hatt livet ut utan at det ville gitt sjukdom.

Då fangar bordet, som det heiter, og ein må i mange tilfelle gå vidare med utgreiing, som altså i verste fall er skadeleg. Store og unødvendige utgreiingar kan i tillegg gi auka bekymring og frykt.

Les også

Kreften knuste min store drøm

I eit helselandskap som dagens er det difor forfriskande at Den norske legeforening nyleg lanserte ein norsk versjon av den internasjonale kampanjen «Choosing Wisely», i Noreg «Gjør kloke valg».

Det er ein kampanje for å auke medvitet hjå både pasientar og lækjarar om at meir ikkje alltid er betre for pasienten. Ikkje dermed sagt at underdiagnostikk, for lite utgreiing, framleis ikkje førekjem. Still gjerne kritiske spørsmål til lækjaren om kvifor du ikkje skal ha meir utgreiing. Det må lækjaren tole og klare å svare på.

Men still gjerne også det motsette spørsmålet: Er det verkeleg naudsynt med meir utgreiing no?

Dette skal etter mitt syn på ingen måte vere pasienten sitt ansvar, men noko pasienten har høve til. Om ein ikkje sjølv stiller seg eller lækjaren dette spørsmålet, så vit i alle fall at om lækjaren i visse tilfelle vel å sette foten ned for vidare utgreiing, så kan det vere med ditt beste i tankane.