BTs storm i vatnglass

Eg reknar med Marita Moltu er lojal mot eige parti.

KRF-KONFLIKT: Varaordførar Marita Moltu (KrF) krev ei orsaking frå partifelle og finansbyråd Dag Inge Ulstein. Årsaka er at han kritiserte hennar deltaking på eit seminar hos Partiet De Kristne (PDK). Ørjan Deisz (arkiv)

Debattinnlegg

Harald Myklebust
Tidlegare leiar av Åsane KrF

Det er journalistisk interessant å finne «sprik» mellom partifellar.

I dette tilfellet gjeld det at KrFs varaordførar, Marita Moltu, skal delta som foredragshaldar på eit felt ho har jobba med, og det til eit anna politisk parti, partiet ektefellen og tidlegare KrF-byråd Tomas Moltu melde seg inn.

Lat det vere sagt: Det kan verke litt umusikalsk, og eg skjønar KrF-byråd Dag Inge Ulstein sin reaksjon frå ei side sett. Passar det for ein framståande KrF-ar å gå til eit parti som så sterkt kritiserer KrF på sentrale kristendemokratiske spørsmål?

Les også

Full splittelse i KrF-ledelsen

Vel, eg reknar med at ho er sitt parti medvite og lojal imot, for så å leggje fram partiet sin familievernpolitikk, som ho er beden om å kome med. Og, som ho ifølgje BT sjølv seier, eit foredrag ho kan levere til andre politiske parti.

KrF treng å markere seg som det partiet i byrådskonstellasjonen som vågar å løfte fram det mest sårbare i familevanskar, nemleg barnet, som barnevernet er sett til å forvalte.

Kan ein få tilslutning til denne politikken av andre parti, i dette tilfellet De Kristne, så er det bra. Eg reknar med at slike utfordringar er i samsvar med partiet sine arbeidsmetodar.

KORRIGERING: I en tidligere versjon av innlegget stod det at Moltu «deltok» på en konferanse. Siden konferansen ennå ikke har funnet sted, er dette nå endret til «skal delta». – Redaksjonen