«Be for Paris» vart det sagt på sosiale media i timane etter angrepa i Paris. Og som eit ekko kom det etter kort tid: «Det siste verda treng no, er meir religion. Religion har gjort nok», «Ikkje be. Tenk», «Gjer heller noko nyttig i staden for å be» og liknande utsegn.

Tanken om at religion og intellekt ikkje går saman, er gammalt nytt og ikkje noko å hengje seg opp i i denne samanhengen. Viktigare er utsegn som seier at vi ikkje treng meir religion no. Når ein seier at på grunn av hendingane i Paris, Beirut eller andre stader har «religion gjort nok», har ein overlate definisjonen av ikkje berre islam, men også kristendom og alle andre religionar til ekstremistar. Ein legg ikkje skulda på terroristane, men fordeler den implisitt på alle religiøse over heile verda. Hadde det ikkje vore for oss, hadde ikkje dette skjedd.

Steinar Sneås Skauge.

Det er forsåvidt ikkje noko nytt at ein del ikkje-truande ønskjer å definere kva religion er. Det kan ein leve med. Men ikkje at ein lar dei valdelege ekstremistane få definere kva religion er. Gjev ein dei definisjonsmakta, gjev ein dei også ein siger.Seier ein at religion har «gjort nok», er det også eit enormt steg attende i kampen for at det ekstremistane gjer ikkje skal ramme uskuldige muslimar i vårt land. Folk som aldri har støtta ekstremistane, og som dagleg må kjempe mot fordommar og frykt på grunn av deira handlingar. Då set ein dei, saman med oss andre religiøse, i bås som grunnlaget for religiøs terrorisme.

Dette er livsfarleg. Det reiser ein grunnmur det er mogeleg å byggje mistru og hatkriminalitet på, der ein i staden bør byggje tillit og respekt.

Samstundes har det ikkje på lenge vore sterkare behov for religiøse leiarar som tar styring og rettleier. Samfunnet vårt treng muslimske teologar som forklarar kvifor ekstremistane tar feil, og kristne teologar som forklarar korleis den kristne majoriteten kan møte dei med ei anna tru med kjærleik og respekt. Sjølvsagt treng vi kriminologar, sosiologar, samfunnsvitarar og alle andre. Men når nokon forsøkjer å legitimere valdeleg galskap i religion, treng vi at religionane reiser seg og seier at dette er feil. Vi treng tydelegare religiøse stemmer i samfunnet.

Politisk flyktning fra Iran: —

Ingen av oss kan gjere så mykje frå eller til. Terroristane bryr seg uansett ikkje. Om vi vel å markere vår støtte gjennom lystenning, minnemarkeringar, blodgjeving eller bøn viser det uansett at vi står saman i sympati med dei råka. Nokon har tru på at bøn om trøyst hjelper. Andre vel heller å gjere noko anna.

Den målbare effekten av det den religiøse og den ikkje-religiøse gjer er sannsynlegvis heilt lik, så i staden for å hakke på kvarandre, lat oss heller fokusere på at vi står saman mot barbariet.