Eg er ikkje villig til å gje deg opp

Du blir kanskje redd for at innvandrarane skal ta over for mykje? At vi skal miste det norske? Det er feil.

LEVE SAMAN: Du har kanskje tenkt på at du er heldig som har vakse opp i Norge? Så kvifor ikkje bruke litt av tida di på å bli kjend med desse nye nordmenn? Vi skal jo leve saman i dette landet, skriver Amalie Senneset. Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Debattinnlegg

Amalie Senneset
Masterstudent i Global utvikling og Samfunnsplanlegging

Hei, du som er litt redd. Kva kan vi gjere for å få deg med på laget når det gjeld integrering? For vi treng deg. Eg kan skjøne at det er vanskeleg for deg når du aldri har hatt nokre gode opplevingar med desse innvandrarane. Om dei er muslimar eller ei, så er det vel det same det går ut på? Dei snakkar kanskje litt rart, dei kler seg annleis – det kjennest framandt. Du blir kanskje redd for at dei skal ta over for mykje? At vi skal miste det norske? Men dette er feil. Det som eigentleg skjer er at de deler kva som er viktig for de begge. Du blir kjend med eit anna menneske. Som har sin eigen historie, familie og draumar for framtida. Så kva kan vi gjere for å få deg engasjert – for å få deg med?

Eg ser at du ikkje møter opp på møta som heiter norsk-kafé, integreringsaktivitetar eller hendingar som heiter «forteljingar om mangfald» der ein kan lære om korleis ein kan starte dialogmøte. Dette treffer ikkje deg. Det skjønar eg. Men det er jo akkurat her du skulle ha møtt opp. Du har kanskje tenkt på at du er heldig som har vakse opp i Norge? Så kvifor ikkje bruke litt av tida di på å bli kjend med desse nye nordmenn? Vi skal jo leve saman i dette landet.

Les også

Tror du det er mange på flukt nå – vent og se

Frykta di for dette multikulturelle samfunnet veks. Den veks stadig meir fordi du ikkje tør å bli kjend med desse nye (eller dei som har vore her ei stund, opptil ein og to generasjonar kanskje). Du må hugse på at det kan vere vanskeleg nok å flytte, og endå meir om ein ikkje har noko val. Prøv å sjå forbi hudfargen, kleda og snakk med folk som om dei er folk. For det er vel berre det vi alle vil? Å bli sett og akseptert. Eg veit at du òg berre vil det beste for det norske samfunnet, men du er på veg til å gå i feil retning.

Mens du seier nei takk, let att døra og tenkjer at dette vil eg ikkje vere med på, så fell folk utanfor. Dei kjenner seg ikkje velkomne, og kva kan det føre til? Viss du kvar dag blir minna på at du er annleis, mister du nemleg følelsen av å høyre til. Eg trur dei fleste av oss veit på ein eller annan måte korleis det er å vere utanfor, ekskludert frå gjengen. Det kjennest like vondt kvar gong. Så kva kan vi gjere for å treffe deg som er redd? Endre namnet på hendinga?

Les også

Listhaug spelar på lag igjen

Eg opplever at det blir meir og meir ubehageleg å snakke med andre som er ueinig politisk i dette. Så difor let vi vere. For å halde på freden på eit vis. Mange av oss kan ta på oss litt av skulda for at det er blitt slik. Ein snakkar heller med dei ein er sikre på meiner det same som ein sjølv, og mens politikarane kjeftar på kvarandre på debatten, overlèt vi alt til dei. Vi blir også sjokkerte over kor mange som stemmer på den «andre sida». Fordi du kjenner vel ingen som stemmer der? Eller har de berre rett og slett aldri snakka om det?

Eg er ikkje villig til å gje deg opp. For eg veit at du òg må med. Vi er jo saman om dette samfunnet vårt.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg