5 årsaker til at du klikkar på denne overskrifta

Publisert: Publisert:

LOKKEMAT: Innsendaren meiner å ha funne oppskrifta. Illustrasjon: Crystal Eye Studio / Shutterstock / NTB scanpix

Debattinnlegg

Stig Magne Solstad
Psykolog i Helse Førde

1. Du vil vite kvifor du klikka deg inn hit. Du skjønar at overskrifta er eit marknadsføringstriks, men den gjorde deg akkurat nysgjerrig nok til å klikke. Du lurer på om du skal gidde å lese meir, men fem punkt er jo ikkje så masse, og kan hende er det eit stilig bilete lenger nede (det er det ikkje).

2. Nokon har delt eller sendt deg denne saka. Sidan andre tilsynelatande har lest den tenkjer du at dette i alle fall må vere litt interessant. Eller kan hende du kjenner meg personleg og berre les for å vere grei. I så fall: hei Mamma.

3. Du skal eigentleg gjere noko anna akkurat no, men vil ikkje. Du har litt dårleg samvit, men, viss du kan lese noko som går fort og er lett å forstå så merkar du ikkje det. Difor har du mange andre faner opne, med saker du skal lese etterpå. Nokre av dei er andre lister. Andre er overskrifter som lovar å vise deg noko du ikkje kjem til å tru. Men det kjem du til å gjere, fordi a) overskrifta er grovt misvisande b) innhaldet er ikkje utruleg, berre uvanleg c) skiljet mellom fakta og fiksjon er blitt så uklart i dagens mediebilete at du har blitt permanent skeptisk til alt du les på internett, og dessutan likegyldig.

4. Du likar å lese ting i listeform. Informasjon som er organisert i lister er lettare å forholde seg til enn ein tekst med underoverskrifter og lange avsnitt. Det er likevel ein del informasjon som ikkje kan forenklast til lister, og evna til å lese kompleks informasjon må haldast ved like med jamleg trening. Av og til lurer du på om du er i ferd med å miste denne evna, for du trur at du likte å lese lange, kompliserte tekstar då du var yngre (det gjorde du ikkje).

5. Du er eit offer for nettaviser som vil ha mest mogeleg lesarar, som blir mest mogeleg eksponert for annonsar og lenkjer til andre saker. Dei veit at du likar saker som er presentert i listeform, spesielt lister som lovar å gje deg enkle svar på kompliserte problemstillingar. Dette er du klar over at dei utnyttar dette, og du foraktar det. På den andre sida er du framleis ikkje klar for å gjere det du eigentleg skal akkurat no. Du synest uansett ikkje det er ditt ansvar å halde oppe den faglege og etiske standarden til norske nettaviser. Du byrjar å mislike tonen i det eg skriv. Heldigvis var dette siste punkt, så nå kan du gå vidare til neste fane i nettlesaren.

Vil du lokke nokon andre til å lese denne teksten? Del han på Facebook!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg