Utdanningsdirektoratet tek feil om juks

Til eksamen må vi vere trygge på at det er eleven som viser fram kompetansen sin, og ikkje nokon andre.

Publisert Publisert

EKSAMEN: Kva om eleven ikkje plagierer, men får ein annan til å svare på oppgåva, sjølv om dette ikkje er lov, skriv lærarane ved Knarvik skule. Foto: Storfjell Ingar

Debattinnlegg

  • Hege Cruickshank, Maria B. Solheim, Stig Solberg, Tina Mangeas Ringås, Erling Solberg, Sæbjørg Hageberg Kjeka, Vidar Lunde, Lillian Nesheim, Camilla Borge, Mona Brekkan, Marianne Senneseth
    Knarvik Videregåande skule

Marthe Akselsen fortel i BT 23. mai at Utdanningsdirektoratet ikkje har inntrykk av at elevane juksar eller plagierer under eksamen med ope nett. Vi lærarar trur dette er riktig for det store fleirtalet av elevane. Vi kjenner dei, og vi veit at dei fleste ønskjer å vise kompetansen sin til eksamen. Likevel er det lite som tyder på at Udir har kontroll. Alt dei fortel om forsøket med fri nettilgang under eksamen, er at «forsøket viser ikke at dette førte til mer juks».

Vi får inga forklaring på korleis dei kom fram til dette. Er det plagiatkontrollen dei stoler på? Denne er det dessverre ikkje så vanskeleg å omgå. Kva om eleven ikkje plagierer, men får ein annan til å svare på oppgåva, sjølv om dette ikkje er lov? Hugs at fri nettilgang òg gir fri tilgang til chat og e-post under eksamen.

Les også

Legger opp til eksamensjuks

Fram til i år hadde eksamenskandidatane ei mellomløysing, med tilgang til eit utval gode internettkjelder. Slik fekk dei vist kompetanse i kjeldebruk, men utan å opne for chat eller annan kommunikasjon.

Utdanningsdirektoratet har dei siste åra gjennomført fleire forsøk med heilt fri nettilgang på enkelte skular. På nettsidene til Udir kan vi lese at elevane er nøgde med denne ordninga, medan «sensorene på sin side er mer negative til en videreføring».

Utdanningsdirektoratet kommenterer ikkje dette vidare. Det uroar oss. Sjølvsagt veit vi at tilgang til internett er ein naturleg del av det moderne arbeidslivet, slik avdelingsdirektøren skriv.

Det er derfor vi øver på god kjeldebruk med elevane våre gjennom heile skuleåret. Til eksamen må vi likevel vere trygge på at det er eleven som viser fram kompetansen sin, og ikkje nokon andre.

Publisert

Les mer om dette temaet

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg