Arbeid er ikkje svaret på alt

Viss ein flyktning verken snakkar norsk eller engelsk og ikkje kan lese, skrive eller rekne, krev det mykje av ein arbeidsplass å inkludere han.

JOBBAR ÅLEINE: Eit integreringsprosjekt i Göteborg viste at flyktningane nesten ikkje snakka eller høyrde svensk på jobben, og dei jobba mykje åleine med lite viktige arbeidsoppgåver, skriv innsendar. NTB Scanpix (illustrasjonsfoto)

Ingrid Sælensminde
Statsvitar og lærar for vaksne innvandrarar, Voss

I BT 1. oktober kunne vi lese om flyktningar som gjekk rett i jobb då dei kom til Noreg. På rekordtid har dei lært norsk, blitt godt integrerte og endåtil viktige ressursar for arbeidsgjevar og initiativtakar Fjell kommune.

Det er grunn til å gratulere flyktningane med den jobben dei gjer. Eg høyrer om mange flyktningar som gjerne ville hatt det same tilbodet. Fjell kommune skal ha honnør for å gje dei ein god start og la dei bidra med ressursane sine.

Les også

Rådmann: – Hent flyktningane på Flesland og send dei på jobb neste dag

Samtidig bør vi stoppe opp når rådmannen i Fjell, Steinar Næsse, seier at kommunane kan hjelpe alle flyktningar ved å sende dei rett i arbeid, og at introduksjonsprogrammet for flyktningar er meiningslaust. Kan det verkeleg vere så enkelt at viss flyktningar berre kjem ut på ein arbeidsplass, vil dei lære språk og kultur raskare enn i eit klasserom?

For ti år sidan var Göteborg i Sverige i gang med eit prosjekt som liknar litt på prosjektet i Fjell. Flyktningar fekk mykje praksis på ein arbeidsplass og språkopplæring ved sida av. Forskar Karin Sandwall følgde fire av deltakarane og oppdaga at dei lærte lite og hadde dårlege opplevingar med programmet. Kvifor var erfaringane så forskjellige frå dei Fjell fortel om?

Les også

BT vil ha din idé i en ny debattserie: Gjør Bergen litt bedre!

Sandwall tok opp film og lyd frå deltakarane sin arbeidsdag. Det viste seg at dei nesten ikkje snakka eller høyrde svensk på jobben, sjølv om arbeidsplassane skulle vere kvalitetssikra av kommunen.

Dei møtte stort sett berre svært enkel svensk når ein kollega skulle demonstrere ei arbeidsoppgåve, så dei lærte få nye ord og fekk nesten ikkje snakka sjølve. Dei jobba mykje åleine med lite viktige arbeidsoppgåver. Resultatet var at dei lærte lite om arbeidsplassen og lite svensk.

Ingen av dei fekk fortsette i jobben etter praksisperioden, fordi språkkunnskapane var for dårlege. Innvandrarane hadde jobba hardt og klart arbeidsoppgåvene sine, og kjende seg difor ikkje att i arbeidsgjevarane sin omtale av dei. Praksisplassen hadde gitt dei eit skeivt bilete både av arbeidslivet og krava til språkkunnskapar.

Les også

Når biblioteket arrangerer språkkafé, kommer det så mange at de må avvise folk i døren

Kvifor ser det ut til å gå bra i Fjell, og ikkje i Göteborg? I Fjell deltek ti flyktningar, og dei som er omtalte, har utdanning frå heimlandet. Ikkje minst kjem det fram at dei snakkar engelsk eller har gått på norskkurs før dei byrja i jobben.

Viss ein flyktning verken snakkar norsk eller engelsk, og kanskje manglar ferdigheiter i lesing, skriving og rekning, krev det mykje av ein arbeidsplass å inkludere han. Ein som ikkje forstår instruksjonar og tilbakemeldingar, ikkje kan stille spørsmål eller fortelje om kven han er, hamnar lett på sidelinja.

Det at nokon lærer lite norsk i introduksjonsprogrammet, er ikkje i seg sjølv eit argument for å overlate det meste til arbeidsplassar. Det er mange grunnar til at somme lærer sakte. Mellom anna har ein god del flykta frå stader med dårleg eller manglande skuletilbod, og desse har ein lengre veg å gå.

Vi har visst i fleire tiår korleis opplæringa kan bli betre for dei, utan at det er blitt prioritert. Det er mogeleg å gje flyktningar betre jobbsjansar, og samtidig gje opplæring til dei som treng det.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg