Kva med vallovnaden frå 2013, Solberg?

Det er tragisk om ein av økonomiske grunnar går inn for å strø sand på verdas største punktutslepp av kvikksølv.

SENKA: Ubåten U-864 var blant anna lasta med 64 tonn kvikksølv da den blei senka utanfor Fedje under Andre verdskrigen. Illustrasjon: Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Debattinnlegg

Einar Sletten
Professor i kjemi, Bergen

I 2013, 10 år etter at ubåten ved Fedje, U-864, blei lokalisert, var det laga titals konsulentrapportar om korleis ein skulle bli kvitt 67.000 kilo kvikksølv på ein forsvarleg måte. Saka var ferdigsnakka!

I panisk avgjerdsvegring hadde regjeringa Stoltenberg nettopp løyvd 50 millionar kroner til nye botnfallsanalyse, som var totalt unødvendig. Derimot kom opposisjonspartia Høgre og Frp på banen i valkampen og lovde høgt og tydeleg at straks dei kom i regjering, skulle kvikksølvet opp. Hordalandspolitikarane Arne Sortevik (Frp) og Øyvind Halleraker (H) var klokkeklare på dette punktet.

Les også

Podkasten BT20: Slik førte ein hemmeleg naziplan til ein av dei største miljøfarane på Vestlandet

No har det gått fem år, og framleis ligg kvikksølvet på botnen. Det første regjeringa Solberg gjorde, var å flytte saka frå fiskeri- til samferdsledepartementet.

Ingen forstår dette. Einaste grunnen kan vere at saka dreier seg om ein båt. Saka høyrer sjølvsagt inn under miljøverndepartementet.

I ein samfunnsøkonomisk rapport (VISTA) står det at å heve lasta vil vere dobbelt så dyrt som tildekking. Det blir nemnt at dette er «grove estimat og anslag». Eg er redd for at regjeringa vil velje det rimelegaste alternativet og gløyme vallovnaden frå 2013.

Les også

Statsråden lovar kvikksølv-løysing i år

Det er i dag ingen akutt miljørisiko ved U-864, men på lang sikt vil det bli ein miljøkatastrofe. Det er ingen reell miljø- eller helsefare ved heving av kvikksølvet. Dersom det ikkje blir fleirtal for heving, bør ein utsetje saka til ein har skaffa fram korrekte kostnadsanalysar. Det er tragisk om ein av økonomiske grunnar går inn for å strø sand på verdas største punktutslepp av kvikksølv.

Dette er ikkje berre ei sak for Fedje, men for heile norskekysten og Nordsjøen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg