Hordfast er ei luftspegling

DEBATT: Folk ynskjer betre vegar, rassikring og vintersikker vinterveg mellom aust og vest, framfor ein motorveg langs kysten.

Marita Aarekol

Debattinnlegg

Kjellbjørg Lunde (SV)

I det som verkar som rein desperasjon, foreslår sjefslobbyisten for Hordfast, Øyvind Halleraker, bompengeperiode på 40 år. Dette for å få gjennomført eit overdimensjonert og fullstendig unødvendig bruprosjekt i eit sårbart kystlandskap.

Han har truleg innsett, som mange før han, at Hordfast over Bjørnefjorden blir vanskeleg å få fleirtal for. Den nye samferdsleministeren har gjort det klart at hordalendingar, som andre, må prioritere. Det er ikkje pengar til alt!

At Bergens Tidende på leiarplass framleis har tru på at dette prosjektet er god investering for framtida, er skuffande, men ikkje overraskande. Avisa har lenge stilt seg bak det som blir påstått nødvendig for næringsliv og sysselsetjing langs kysten: Ein ferjefri motorveg til gigantiske kostnader, mangedobling av trafikken og rekordhøge bompengar.

Transportnæringa har for lengst sagt frå om at dette blir for dyrt for dei. Mange bedrifter og næringslivsfolk i midtre og indre strøk ynskjer betre vegar, rassikring og vintersikker vinterveg aust-vest, framfor ein motorveg langs kysten. Ringverknadane i Bjørnefjorden er ikkje lette å få augo på, samanlikna med om vegen blei bygt gjennom Fusa og Samnanger, med sørleg kryssing av Langenuen, slik den opphavleg vedtekne planen tilsa.

Les også

Forskere advarer mot mer bompenger på Hordfast

Med til historia høyrer at han som Øyvind Halleraker no hentar ideen om 40 år bompengeperiode frå, er hans gamle kampfelle, Olav Ellevset. Ellevset er no lobbyist for Halsafjordsambandet på Nordmøre, tidlegare mellom anna direktør i Statens vegvesen, Region Vest. Etter at han slutta som regionsjef var han ein av arkitektane, saman med brørne Halleraker, for Hordfast over Bjørnafjorden – stikk i strid med det som var vedteke i Fylkestinget i Hordaland.

Dei lukkast i å få endra fleirtalet frå indre trasé til Bjørnefjordalternativet, basert på eit heller luftig dokument. Innspelet kom altså frå dei som, då som no, er lobbyistar.

Totalkostnaden skulle vere ein brøkdel av det som det til slutt enda opp med, før statsministeren sjølv gav beskjed om at prisen måtte ned. Så solid var altså det arbeidet! Og no vil igjen desse lobbyistane at politikarane skal følgje deira fane.

Til refleksjon for dei som meiner ferjefri E39 er nøkkelen til det meste: Hadde ikkje lobbyistane lukkast, ville vi truleg hatt ein slik veg no, ikkje med fire felt og til 40 milliardar, men fullt ut tenleg og til langt lågare pris.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg