Nina Karin Monsen og Tomas Moltu gjer livet vanskeleg for mange

Dei nedvurderer og marginaliserer livserfaringane hjå oss som bryt med normene for kjønn og seksualitet.

«KIM F» PÅ DNS: Linn Løvvik som Kim Friele og Anna Dworak som Wenche Lowzow. «Filosof Nina Karin Monsen figurerer som ein motstandar av utviklinga i både teaterstykket og i røynda med utsegner både eg personleg og mange andre med meg vert såra av», skriv Birger Berge. Gisle Bjørneby

Birger Berge
Leiar FRI Bergen og Hordaland

Førestillinga «Kim F». på Den Nationale Scene gir eit innblikk i kjærleikshistoria mellom Kim Friele og Wenche Lowzow, som for stor del utspelar seg i ei tid der vilkåra for kjærleik mellom to av same kjønn var langt dårlegare enn i dag.

Filosof Nina Karin Monsen figurerer som ein motstandar av utviklinga i både teaterstykket og i røynda med utsegner både eg personleg og mange andre med meg vert såra av.

Teaterstykket har gleda mange, og opprørt mange. Nina Karin Monsen kjenner seg ærekrenka av replikkar i stykket, og meiner at ytringane som knytast til hennar namn utgjer ein «grov homofobisk tekst.»

Dette skapar reaksjonar, mellom anna frå professor Dag Øistein Endsjø, som i kronikk i Aftenposten peikar på at mange av replikkane nærast er direkte sitat frå Monsen si eiga bok, «Kampen om ekteskapet og barnet».

Les også

Hvem er redd for Nina Karin Monsen?

Tomas Moltu frå Dei kristne meiner på si side i «Statsfinansiert mobbing på DNS» at «oppkonstruerte replikkar» framstiller Kim Friele som ein helt, og nyttast til å mobbe Nina Karin Monsen.

I forsvaret av Monsen trekk Moltu fram at «både politiske partier og samfunnsaktører sliter kanskje med dårlig samvittighet for historisk baktalelse og fordømmelse av homofile».

Den politiske støtta FRI Bergen og Hordaland og Regnbuedagene har fått dei seinare år, viser Moltu til som «[...] dårlige politiske beslutninger om finansiering av alt som hyller en homofil livsstil. Samfunnet har kommet inn i et totalitært paradigme hvor samfunnsaktører nærmest tvinges til å gå i pride for å unngå stempling som mørkemenn eller kvinner».

Moltu syner også til ein «homopolitisk agenda», og til at offentlege pengar nyttast på alle slags «påfunn».

Monsen og Moltu gjer livet vanskeleg for mange ved å nytte omgrep som «mote» og «livsstil,» noko som nedvurderer og marginaliserer livserfaringane hjå oss som bryt med normene for kjønn og seksualitet.

Les også

Statsfinansiert mobbing på DNS

Når Moltu nyttar vendinga «totalitært paradigme,» verkar det for meg som eit forsøk på å gjere seg sjølv til offer ved å framstille seg sjølv som ein knebla meiningsmotstandar.

For meg er offera dei som ikkje vågar å leve sine liv i openheit. Å bli møtt med at din identitet representerer ein «livsstil» eller eit «påfunn», gjer livet vanskeleg for mange.

Det gjer også debatt vanskeleg, då desse ytringane råkar ved min og andre sin rett til å sjølve definere sin eigen identitet.

For meg handlar det om å kjempe for mangfald. I FRI kjempar vi ein kamp for eit samfunn der alle lev gode og frie liv, og for mangfaldiggjering av relasjonar, familieliv og identitet.

Temaet for pride over heile Noreg i 2019 er «historie», og der skal vi sjå attende og hylle forkjemparar som Kim Friele for innsatsen dei har gjort, og samstundes sjå framover mot nye kampar som må vinnast.

Les også

Nina Karin Monsen kan ikkje skrive seg sjølv ut av historia

Eg ønskjer ikkje eit «totalitært paradigme,» eller «tvang,» slik Moltu skuldar «homolobbyen» for.

Eg ønskjer meg eit mangfaldig, likeverdig og fritt samfunn, og ønskjer alle som støttar denne kampen velkommen til pride-parade under Regnbuedagene i Bergen i juni.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg