Ingen spørsmål er for dumme på foreldremøte

Nei, Andrine Bruland, du tar feil. Foreldre må fortsette å bry seg og stille spørsmål på foreldremøte.

VEKKJER DEBATT: Innlegget «Aldri undervurder den snille stemmen» av Andrine Bruland er den mest delte teksten i Noreg hittil i år, med over 134.000 delingar, kommentarar og reaksjonar på Facebook. Innsendaren er usamd med bodskapen i innlegget. Faksimile: BT måndag 27. august

  • Kaisa Tonheim Banne
    Bergen
Publisert:

For ei veke sidan hadde eg nok vore einig med deg. Eg og har lidd meg gjennom foreldremøte og sett på klokka, mens eg har lytta til mange rare spørsmål frå bekymra foreldre. Gjespa demonstrativt har eg nok gjort og, er eg redd. Eg bestemte meg tidleg for at eg aldri skal vere ein vanskeleg forelder. Faktisk før dotter mi byrja i barnehage. Utruleg nok. Eg har til og med skrytt av det til barnehagetilsette og andre interesserte. Eg er ein sånn fornøgd forelder. Svært takknemleg for alt. Absolutt ingen curling- eller helikopterforelder her i garden.

Som eg angrar på det no. Måndag førre veke klemstra dotter mi høgre peikefinger i ytterdøra i barnehagen. Ho måtte amputere ein stygt kvesta fingertupp forbi nagla. Og veit du, eg hadde tenkt tanken at ytterdøra verka skummel. No veit vi kvifor døra har lukka seg når den ikkje skal. Sensoren fanga ikkje opp folk under 120 cm. Dotter mi er 98 cm. Ho er berre tre år.

To dagar etter uhellet vart alle sensorane på dørene stilt inn riktig. Døra skal ikkje smelle hardt igjen når det er barna i nærleiken lenger. I tillegg vart det montert klemsikring. No er det ikkje lenger farleg når teknologien sviktar igjen.

INNSENDAREN: Kaisa Tonheim Banne er kritisk til innlegget «Aldri undervurder den snille stemmen», som over 800.000 nordmenn har lese dei siste dagane. Foto: Privat

Nei, foreldre må stille spørsmål. Det burde ikkje vere slik, men vi må faktisk hjelpe til med å sjå farane. Vi må sikkert mase og. Og krevje. Sjølv om det kostar så lite å ordne opp. Helst før det skjer noko.

Den forelderen du nemnde som ville vite kva som blir gjort med hekken rundt skulen, han har kanskje kunnskap om kor høge hekkar har lov å vere. Og ikkje minst kvifor vi har eit lovverk for det. Kanskje han sit på informasjon om at høge hekkar er livsfarleg. Han er jo ein kjemperessurs for skulen og barna.

Dei små barna er naturleg nok særleg sårbare, uansett kor mykje ein ber dei om å passe seg. Dei er så lite synlege. Di løysing på problemet er ikkje eigna som godt råd heller. Du kan ikkje berre fortelje ein seksåring at han skal passe seg for høge hekkar og forvente at det går inn. Like lite som det hjelpte å fortelje min treåring at ho må passe seg for dører. Fyrst ved 9-årsalder har barn dei naudsynte ferdigheitene for å stoppe brått ved behov. Du kan lese meir om syn og høyrsel og barns utvikling på Trygg Trafikk sine nettsider. Dersom ikkje eigarar av hekkar tek tak i slikt, anten dei er offentleg eller private, så kan det faktisk vere ei viktig sak for politiet.

Det vart etterlyst strøing på det foreldremøtet du var på og. Kvar vinter er det mange som brekker armar og bein på glattisen. Det veit jo alle. Den fyrste dagen med is er spesielt utsett, har eg forstått. Mange ulykker kunne ha vore unngått dersom private og det offentlege hadde strødd rundt bygga sine. Slik dei skal. Det er lovverk for dette også, heldigvis. Det er vår fordømte plikt som foreldre å mase dersom det ikkje vert strødd på skulen. Og dersom ein tenkjer seg om, så skjønner ein at barna kan skade seg mykje meir alvorleg på glattisen enn i ei dør. Så flott at nokon har sett den faren og tør å seie det høgt. Det er ikkje det same som å be om at trea blir hogd ned for å hindre fallskadar i leik. Her må ein skilje hummar og kanari.

No tok eg tak i tryggleiksspørsmåla som du hadde høyrt på foreldremøtet, Andrine. Du er nok einig i at det må vere lov å stille slike spørsmål. Når du tenkjer deg om. Kanskje dotter mi sitt skrekkeleg uhell førre veke var eit heilt ekstremt eksempel og. Alle skjønar at dører må vere sikra godt i ein barnehage. I alle fall i ettertid. Men du nemner ein del andre spørsmål du irriterer deg over. Som ikkje gjeld tryggleiken. Eg kunne ha vore så einig med deg, og du skal ikkje sjå vekk frå at eg hadde delt innlegget ditt med alle mine venner. Tommel opp. For ei veke sida. Men no har eg tenkt meg godt om her. Det kan vere du har eit poeng, men spør folk kva dei meiner før du konkluderer om motiva deira.

Eg angrar på at eg ikkje stilte spørsmål om den døra, og eg skjemmast over oppførselen min på tidlegare foreldremøter. Ein må alltid være høfleg, men av og til må det vere lov å bli sint. Og ingen spørsmål er for dumme!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg