Vestlandet taper på absurd samferdslepolitikk

DEBATT: Politikarane våre må få slutt på den groteske ulikskapen og sløsinga av pengar på ei uproduktiv jarnbane for Oslo-eliten.

I DET SKJULTE: På dei spinndyre Intercity-toga blir kvar pendlar subsidiert med fleire hundre tusen kroner årleg. Det verste med opplegget er at det skjer i det skjulte, og utan offentleg debatt, skriv innsendaren. Lise Åserud, NTB scanpix

Rikard Solheim
Sivilingeniør, Bergen

Rikard Solheim Privat

Vi bør snakke meir om sorteringssamfunn. Ikkje på noko område har vi så hard sortering som i samferdslepolitikken. Bilistane vert nærmast handsama som «nyttige idiotar» som skal vekk. Dei vert pålagt skyhøge avgifter og betalar vegane sjølve. Banebrukarane derimot vert dynga ned med subsidiar.

I Hordaland er det knapt med pengar til nye vegprosjekt. Då vert det diskusjon om prioritering. Men alle overser «elefanten i rommet», jarnbana på Austlandet. Vestlandsvegane har over 100 gonger så mykje trafikk som Intercity-prosjektet, eit subsidiesluk av raske tog rundt Oslo. Men Stortinget gjev denne «miniputten» fleire hundre milliardar kroner i gåver – utan debatt.

Denne absurde politikken er blitt mogeleg fordi NSB og Jernbaneverket i mange tiår har spreidd mytar om at det er mykje meir lønsamt å investere i jarnbane enn i vegar. Sanninga er den stikk motsette. Men den såkalla Nasjonal Transportplan (NTP) byggjer på denne myten. Slik har vi fått Europas dårlegaste vegstandard i eit av verdas rikaste land.

Fylkespolitikar Roald Kvamme (Ap) kom i BA 12. november med sterk kritikk mot eit system som tvingar han til å sitje «å lappe på et vegnett som er i ferd med å bryte saman». Han kom med hard kritikk mot vegdirektøren, som han meiner berre bøyer nakken og snur seg vekk. Han kritiserer også sentrale politikarar.

Kvamme har rett. Men situasjonen er faktisk endå verre. For det skjer også ei grotesk forskjellshandsaming av dei som brukar veg og bane, og av Oslo-området og resten av landet.

Eg vil peike på nokre grunnleggjande fakta, som ikkje er omtalt verken i NTP eller i samferdsledebatten. SSB sin statistikk for 2017 fortel at vegane står for 95 prosent av personreisene i landet. Alle banesystema samla har litt over fire prosent, og sjøtransporten utgjer éin prosent. Dei viktigaste undergruppene er personbilane som står for 81 prosent, og bussane som har nesten sju prosent. NSB-toga har éin prosent og Intercity to promille.

Les også

Ras stengte E 16 i flere timer

Sidan år 2000 har staten i snitt brukt om lag 17 milliardar kroner per år til investering og vedlikehald av vegane. I same perioden har vegbrukarane betalt om lag 42 milliardar kroner per år inn til staten i form av avgifter på drivstoff og køyretøy. I tillegg betaler dei 10 milliardar kroner i bompengar.

I sum betalar vegbrukarane ein eigendel på om lag 300 prosent av det vegane kostar. Staten «skuldar» vegbrukarane i landet fleire hundre milliardar kroner, og fleire titals milliardar i Hordaland!

På jarnbana er det motsett: Med NSB-toga betalar passasjerane under 25 prosent av kostnadane. Resten betalar staten.

På dei spinndyre Intercity-toga er det endå verre. Mine utregninger viser at her skal brukarane betale ein eigendel på under 10 prosent. Kvar Intercity-pendlar vert årleg subsidiert med fleire hundre tusen kroner! Det verste med opplegget er at det skjer i det skjulte, og utan offentleg debatt.

Det normale ved tilsvarande offentlege tenester er at brukarane betalar 100 prosent av kostnaden. Men 80 prosent av togtransporten skjer i området rundt Oslofjorden. Distrikta må nøye seg med vegar. Det forklarar det meste. Det liknar på korrupsjon.

Les også

Hvis det smeller langs Bergensbanen, skal dette få beredskapen på skinner

NSB og dei såkalla miljøpartia køyrer på med mytane om at jarnbana er ryggrada i transportsystemet vårt. Og at jarnbane er den mest miljøvenlege og effektive transportmåten. Alt dette er usant.

Regjering viser til klima for å grunngje politikken. Men også det er meiningslaust. I ein reportasje i BT 12. juni 2017 fortalde avisa at eksterne ekspertar har påvist at Intercity ikkje gjev noko klimavinst, snarare tvert imot. Det er også dokumentert at bussar på gode vegar brukar mykje mindre energi, og er mykje meir miljø- og klimavenlege enn tog. No stormar både elektriske bilar og bussar fram i heile verda.

Det trengst ei kraftig opprydding i transportetatane i hovudstaden. Og Riksrevisjonen må granska Samferdsledepartementet og NSB/Jernbaneverket, som har produsert mytane som dagens politikk byggjer på.

Stortingsrepresentantane våre må syte for å få fakta på bordet slik at prioriteringane kan skje på reelt grunnlag. Og dei må få slutt på den groteske ulikskapen, og på sløsinga av pengar på ei uproduktiv jarnbane for «Oslo-eliten». Om dei ikkje maktar det, har dei lite på Stortinget å gjere.

Og Vestlandet må leggje vekk husmannsånda.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg