Dei som sovnar med ein bamse tett inntil kroppen sin kvar kveld, veit noko som ikkje alle vaksne veit

I dag var eg, frua og ungane på kino. Eg var i utgangspunktet sjåfør og visste lite om kva eg gjekk til.

Publisert Publisert

SALT AUGEVATN: I smug bak den store popkorndunken kjempa eg med stikkande adamseple og salt augevatn. Eg lever trass alt i den same verda som Kristoffer Robin, skriv Lars Erik Thorsrud. Foto: PRIVAT

Debattinnlegg

  • LARS ERIK THORSRUD
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Etter å ha handla den største dunken med popkorn såg eg at dette var ein film om Kristoffer Robin. Du veit han i hundremeterskogen. Han som har ein lat bjørn og ein liten gris som bestevener.

Dette var eigentleg ein familiefilm. Men det viste seg samstundes å vara ei grå og melankolsk framstilling av det som skjedde då Kristoffer og Brumm støtte på kvarandre 30 år etter. På denne tida hadde Kristoffer vorte ein sjølvoppteken og mislykka familiemann. I hundremeterskogen hadde det ikkje skjedd stort på desse åra. Brumm traska med jamne mellomrom til treet der han og Kristoffer hadde forlate kvarandre for så lenge sidan. Her hadde dei lova å aldri gløyme kvarandre. I vind og blest stod Brumm her og venta på bestevenen sin. Han kom aldri. Kristoffer Robin var vaksen no. I ein annan verd langt borte. Ein verd full av stress, løgner og bedrag. Ein verd der folk var meir opptekne av å sikre seg sjølv enn å ta vare på kvarandre.

Det viste seg at dette var kraftig kost for ein tjukkas på 37 år. I smug bak den store popkorndunken kjempa eg med stikkande adamseple og salt augevatn. Eg lever trass alt i den same verda som Kristoffer Robin.

Ei verd der det ikkje er særskild god plass til mjuke menn utan hårsveis og ryggrad.

Eg kom meg heldigvis heilskinna gjennom det. Filmen var nok i grunnen ikkje så veldig trist og alt enda sjølvsagt godt. Det var nok meir det at den råka meg. Det er liksom noko meir i det.

Alle som kjem til verda, har det gode i seg. Når ein liten unge smiler for fyrste gong, så er det verkeleg det finaste som finst. Det er det finaste som finst, uansett om det skjer i Uganda, i Åbjør enn i Lo. Om ungen er svart, kvit eller blå, har ingen betydning. Det er heilt, heilt ekte.

Då rulleteksten rulla og vi kom ut i den mørke kulda, tok eg, avhengig som eg er, opp telefonen min og får heile svineriet midt i fleisen. «Kronisk norsk», «Støre er en raud jævel», «skuffa over Hareide».

Kva har liksom skjedd på vegen? Dei fleste som skriv og spreier slikt, har også vore ungar. Dei har smilt sitt fyrste smil til stor jubel. Dei har hatt folk som er glade i seg. Nokon har hatt bestemødrer som lagar fotskrukk og serverar saft på sengekanten. Andre har sysken i køya over og ein stebror på madrass i gangen.

Eg trur at dei som sovnar med ein bamse tett inntil kroppen sin kvar kveld, veit noko som ikkje alle vaksne veit. Dei veit at seier vi stygge ting om andre, så kan dei bli såra. Det er så enkelt som det.

Difor vil eg sende ein takk til alle gamle kosebamsar. På kalde loft og i mugga kjellarar ligg dykk bortgøymde. Ei gong i tida betydde de heile verda for nokon. Den gongen sov de i lune dundyner med trekk av krepp. No ligg de truleg flatklemde mellom punkterte luftmadrassar og halvgamle kjendiskokebøker. De skal ha for forsøket. De gjorde det de kunne. At den vesle varme barnearmen som ei gong held dykk så tett og trygt, no klaskar fingrane sine over dei styggaste bokstavane på tastaturet. Nei det er verkeleg ikkje noko de skal ha skulda for.

«Hvor lenge skal vi være venner, Brumm»?

Sa Nasse Nøff.

«Enda Lenger».

Sa Brumm.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. Når likestilling blir viktigere enn babyens behov

  2. Flere hundre bergensere samlet seg for å dele sorgen

  3. Barndom til sals for tusen tomlar opp

  4. Da sønnen bommet på doskålen, skal faren ha presset hodet hans i urinen på gulvet

BT anbefaler

50 barn i Bergen smittet

Det er ingen tegn til at koronaviruset sprer seg på skoler eller i barnehager.

LES SAKEN
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg