«Frå nyttår av blir det ny diett»

DEBATT: No er vi leie. Vi vil ha skamma ut av jula, og «julefeitt» ut av ordlista.

JULEMAT: Like sikkert som at jula kjem kvart år, er det at artiklane om «julefeittet» kjem så snart nyttårsrakettane har stilna. Vi har fått kose oss heile juleferien – no er det på tide å gå til kamp mot konsekvensane, skriv innsendarane. NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Marianne C. Håheim
  • Marthe Valle

Vi er midt i ei høgtid kor tradisjonar, blant dei mat, står sentralt. Mat kan vere kjelde til næring, nyting og samvær, men også til angst, skam og straff. Det sistnemnde er media flinke til å minne oss på.

«Eg ser så tjukk ut i denne kjolen», «Ikkje noko dessert til meg, eg har allereie lagt på meg så mykje», «Frå nyttår av blir det ny diett.»

  1. Marianne C. Håheim Andreas E. Nygjerd

  2. Marthe Valle Åsa Marie Mikkelsen

Sjansen er stor for at du vil høyre kommentarar som desse i løpet av juleferien. Denne måten å snakke om mat, kropp og vekt på har i litteraturen fått nemninga negativt kroppssnakk, og det er så vanleg at vi ofte ikkje bit oss merke i det. Men det at noko er vanleg, betyr ikkje at det ikkje kan vere skadeleg.

Les også

Slankekuren min heter kreft, den er utrolig effektiv

Negativt kroppssnakk har gode livsvilkår på denne tida av året. Mange har dårleg samvit for kva eller kor mykje dei et i jula, og det er lett å ty til nedsetjande kommentarar om eigen kropp for å få utlaup for det dårlege samvitet.

Rundt nokre kakebord er samtalen om desse tema nærmast eit slags sosialt lim, og ein finn fellesskap i delt kroppsleg misnøye. For mange er dette noko dei har gjort frå ung alder.

Idealet om kontroll og sjølvdisiplin står høgt i samfunnet vårt. Vi seier vi er flinke viss vi et salat, og mindre flinke viss vi et eit kakestykke. Fram mot jul manifesterer desse ideala seg som artiklar om korleis vi kan avsløre og unngå dei verste kaloribombene i jula. Det gjeld å vere informert så ein kan halde på
kontrollen også i høgtida.

FOR BORNA: Språk og haldningar smittar, og barn får med seg meir enn vi trur. Jula er barna si høgtid, og på deira vegner ønskjer vi oss julefri frå negativt kroppssnakk, skriv innsendarane. Gorm Kallestad, NTB Scanpix

Det er sjølvsagt positivt å ville gi kroppen sin best mogeleg næring, men vi trur ikkje ein vinn noko på å frykte kaloriar eller bruke nedsetjande ord om seg sjølv etter julemiddagen. Eit slikt fryktbasert fokus kan ta frå oss opplevinga av å nyte god mat, ro og godt samvær.

Like sikkert som at jula kjem kvart år, er det at artiklane om «julefeittet» kjem så snart nyttårsrakettane har stilna. Sjeldan er vårt motsetnadsfylte forhold til mat så tydeleg som på nyåret. Vi har fått kose oss heile juleferien – no er det på tide å gå til kamp mot konsekvensane! Det er ein evig runddans av nyting og straff, synd og avlat. Som Lena Lindgren skreiv i Morgenbladet i 2015: «Vi er alle kulturelt spiseforstyrret».

Dei føreseielege og insisterande framsideoppslaga om julefeitt og julekilo bidreg ikkje til anna enn dårleg samvit og skam, og skam fører ikkje noko positivt med seg. I verste fall kan slike oppslag gjere livet endå litt vanskelegare for dei av oss som slit med eit komplisert forhold til mat, kropp og vekt, og allereie synest jula er ei vanskeleg tid. Ideen om at matinntak er noko ein må kompensere for, kan gi eit forstyrra bilete av kva mat gir oss og betyr, både for kropp og sjel.

Vi trur at vi alle – både privatpersonar og media – vil tene på å bli meir medvitne om korleis vi snakkar om mat, kropp og vekt. Dette av omsyn både til oss sjølve og dei rundt oss, spesielt barn og unge. Språk og haldningar smittar, og barn får med seg meir enn vi trur. Jula er barna si høgtid, og på deira vegner ønskjer vi oss julefri frå negativt kroppssnakk. Ingen tener på at barn lærer at mat er farleg og skambelagt.

No er vi leie. Vi vil ha skamma ut av jula, og «julefeitt» ut av ordlista. Vi vil slå eit slag for mat og hygge utan dårleg samvit, for turar i frisk vinterluft, og for takksemd. Takksemd for kvar minste del av kroppane våre som verkar og kan gje oss gode opplevingar saman med dei vi er glade i. Vi er takksame
for å ha kroppar med hjarte som slår og bein som ber oss – og så er vi takksame for kålrabistappe.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!