Mammahjarte meg her og der! Kvar blei mammahovudet av, eigentleg?

Eg er drit lei av å høyre om mammahjartet.

Publisert:

LEI: Kristina Leganger Iversen vil heller lytte til mammhovudet sitt. Foto: John Trygve Tollefsen

Debattinnlegg

Kristina Leganger Iversen
Forfatter

Mammahjartet, altså. Eg er så drit lei av å høyre om mammahjartet. Mammahjarte meg her og mammahjarte meg der, kvar blei mammahovudet av, eigentleg?

Når blei mødrer sånne kjenslevare fjols? Når blei det ok å blåse ein lang marsj i råd frå helsesøster, ønska eller behova til partnar eller resten av familien, berre fordi «mammahjartet» meiner det er best?

Kva for hjarte er det eigentleg?

Okei, spol tilbake, her må ei forklaring til:

Etter eg blei mamma for sånn seks månadar sidan, har eg fått eit nytt forhold til andre mødrer. Ikkje minst på nettet, der eg er blitt med i ulike grupper, grupper om amming, grupper om søvn, grupper om mamming.

Når ein blir medlem i sånne grupper, er det som regel fordi ein har felles interesser, eller felles utfordringar. I tilfelle baby, kanskje også felles desperasjon, om ein har ein baby som ikkje får til å die eller sove, til dømes. Eller som ikkje får til å sove utan pupp.

Og det er her råda kjem inn, og mammahjartet, som trumfar alt.

Eit typisk scenario: Mor skriv inn i gruppe om baby, la oss seie på sju-åtte-ni månadar, som ikkje får sove utan pupp. Sovnar med pupp om kvelden, vaknar kanskje annankvar time natta gjennom. Helsesøster har sagt at ungen, som et godt og har godt vektutvikling, må lære å sovne sjølv, utan pupp. Og at mor kan trappe ned på nattamminga. Men korleis gjer ein det, spør mammaen, er det nokon som har erfaringar, ber ho.

«Eg ammar i søvn og gjennom natta fordi mammahjartet mitt seier at det er best», skriv ein.

«Helsesøster sa at eg burde la babyen finne søvnen sjølv, men eg får så vondt i mammahjartet mitt om babyen grin, så eg ammar i søvn,» skriv ein annan.

Og ein tredje:

«Det blir jo lite søvn, men det er jo berre eit år, så eg gjer det mammahjartet meiner er best. Sove kan eg gjere seinare, vil ikkje sjå tilbake på denne tida og angre på at eg ikkje gjorde som mammahjartet sa».

Og ein fjerde:

«Ungen min er fire år, og vi samsøv framleis. Kasta pappen ut på sofaen for lenge sidan. Du veit best kva ungen din treng, lytt til mammahjartet

Og ein femte:

«Det er berre tull det helsesøster seier, babyar kan ikkje roe seg sjølv, dei får traume som vil vare ved til vaksen alder. Ikkje høyr på helsesøster, lytt til mammahjartet!

Og så bortetter. Nåde vere den mora som har lyst til å sove om natta, den mannen som har lyst til å sove i senga si, eller den helsesøstera som kjem med råd om korleis ei sliten mor kan setje litt grenser for ungen, for å litt meir søvn. For då blir det kanskje litt gråt i ein periode, og er det noko mammahjartet ikkje toler, så er det gråt, altså!

«Eg får så vondt i mammahjartet!»

Men alle mødrer er vel ikkje slik? Alle mødrer samsøv vel ikkje med barnet til det er fire år? Nei. Men dei snakkar ikkje så høgt om det, heller. For eit par veker sidan då eg lettare desperat spurde om søvnråd på Instagram, fekk eg masse gode råd, både i kommentarfeltet og innboksen. Takk til mammacrewet! Og det danna seg kjapt eit mønster:

I kommentarfeltet gav folk råd om «milde metodar» som «utfasing» (at ein gradvis justerer ned på mengda hjelp ungen får til å sovne) eller «sove utan gråt»-metodikk. I innboksen kom råda om søvntrening. Det hadde funka godt for mange, men inntrykket mitt var at mange mødrer helst ikkje ville snakke så høgt om det.

For kvar er mammahjartet ditt om du set grenser og lærer ungen din å sovne sjølv? Kvar er mammahjartet om du aksepterer litt gråt og frustrasjon, medan ungen lærer seg å sovne sjølv? Eller om det er sånn fatt, at dei milde metodane ikkje funka, og det blei gråt likevel?

Kvar er mammahjartet ditt om du freistar å finne eit kompromiss mellom det babyen trur hen treng (pupp for sovne), og det du trur hen treng, og det familien iallfall treng: Evne til å finne meir ro?

Er du mammahjartelaus, kanskje?

Nei då, mammahjartet er sikkert på rett plass, då og. Men i dialog med mammahovudet som lyttar til råd frå helsesøster og eigne behov, samt behova til familien.

Når det kjem til søvn, er det sjølvsagt ikkje så farleg. Det går jo som regel greitt uansett, sjølv om det kan gå på helsa laus for ungar og mødrer å ikkje sove. Retorikken om «mammahjarte» disiplinerer mødrer til å sjå bort frå behova dei veit at dei og ungane har, til å unngå ubehag for alt i verda. For det kan ikkje mammahjartet ha!

Verre er det når det er snakk om amming, eller babyar som ikkje går nok opp i vekt. Det ser ein ikkje like ofte som med søvnråda, men også foruroligande ofte: Mor skriv at ho har fått råd om å gi ungen meir mat i tillegg til pupp, men mammahjartet vil helst fullamme. Og tusen kommentarar seier, «lytt til mammahjartet!».

Eh, nei, lytt for Guds skuld minst like mykje til helsesøster som til tusen digitale mammahjarte i mammahjarte-ekkokammera. Det er farleg å ikkje få i ungen nok mat, uansett kva kommentarfeltet seier.

Eit atterhald til sist: Ofte er det sjølvsagt heilt greitt å lytte til mammahjartet. Og det er så klart greitt å både amme i søvn, samsove og søvntrene. Gjer det som funkar for deg, for ungen og for familien. Men hugs å bruke hovudet og ikkje berre hjartet, og lytte til helsepersonell og folka du faktisk lever med, også.

Og du: Du er ikkje hjartelaus sjølv om du ikkje alltid lar mammahjartet bestemme. Hjartet er flott det. Men mammahovudet står over mammahjartet og regjerer på toppen, og det av ein grunn.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg