Hyllest til ein pappa

Pappastemma er den første du høyrer. Det er han som legg kinnet sitt tett inn til kulen på magen og kviskrar mjuke pappaord til deg.

Publisert: Publisert:

HEIDER: Malene Vilnes slår eit slag for fedrane og alt dei gjer for barna sine. Illustrasjon: Øivind Hovland

Debattinnlegg

Malene Vilnes
Åsane

Kanskje fortel han om fotballkampar de skal sjå, eller kva lag du skal heie på, slik at du hugsar det når du seks år seinare møter dei som andre pappaer har kviskra andre lag til.

Han syng litt, fordi jordmor har sagt på kontrollen, der han sat sveitt og nervøs og lengta etter ord om at alt gjekk bra, at den som bur inne i magen, kan kjenne igjen både stemmer og språk, og ikkje minst musikk.

Så sjølv om han ikkje har sleppt ein tone over leppene sidan han bestemte seg for å knipe igjen på skuleavslutninga i tredje klasse, kjem dei no. Forsiktige tonar som høyrer til ein song han høyrde for lenge sidan. Nokre vare strofer som vekker minner om eigen barndom. Ei mjuk seng og nokon som pakka ei dyne godt rundt kveldskalde føter som stakk ut under ei blå pyjamasbukse.

HEIDER: Malene Vilnes slår eit slag for fedrane og alt dei gjer for barna sine. Foto: Privat

No ligg det plagg som liknar i ei skuff heime, lagt saman av hender til ein som snart skal bli pappa. Både pyjamasen og sparkebuksene kjennest merkeleg små i store mannehender.

Så kjem du ut og blir lagt på brystet til mamma. Men det er pappa sitt blikk du møter først, og stoltare blikk kjem du aldri til å møte enn auga hans når han ser deg for første gong.

Sjølv vil han hugse korleis det kjentest å få deg i armane då du var ny i verda resten av livet, for ingenting skaper større avtrykk i pappahjartet. Blikket vil følgje deg så lenge han lever. Det er det same blikket du får når du rullar deg frå mage til rygg første gong, knip han i fingeren, eller klarer å herme etter ansiktet hans, berre tre dagar gammal.

Han har aldri laga slike miner før, men no er det ingenting som er meir naturleg. Det er det same blikket du får når du klarer å reise deg for første gong, klatrar ut av sprinkelsenga («for ein fysikk!»), søler saft ut over farmor sin kvite duk («det er kraft i den neven!»), eller knuser mamma sin vase med fotballen tre år seinare («med venstre foten!»).

Les også

Trond Albert Skjelbred: «På farsdagen skal min far få raspeballer og gullmedalje»

Blikket strålar mot deg idet du tar dine første steg, seier dine første ord, kastar ein ball, eller maler ein strek.

Men det er ikkje berre blikket som vil følgje deg.

Pappahanda kjem til å halde deg langs vegen du går i mange år. Litt usikker og spent til første dag i barnehagen, litt trist og overrumpla over kor fort tida går, heim frå den siste. Han vil følgje deg med rak rygg og lette steg til første skuledag, og kanskje gråte litt når ingen ser det etterpå, fordi han er så uendeleg glad i deg og veit at livet er så rart og fint og sårbart og stort og alt på ein gong.

Pappaen veit at du må leve det sjølv. Men han veit at du veit at fanget hans er stort og trygt, at hendene hans kan løfte deg når du treng det, eller tørke tårer når livet går litt skeis.

Han veit at du veit at ingen plass gir betre utsikt enn pappa sine skuldrer, og at det i grunnen er det same kva for lag du heier på, så lenge du er tru mot deg sjølv og god mot andre.

Og så veit han at du veit at sjølv om mamma seier nei, er det godt mogeleg at pappa seier ja.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg