Nynorsk skal bli endå meir synleg i Bergen

Bergen blir ikkje snik-nynorskifisert. Bergen blir nynorskifisert.

Publisert Publisert

KJEM MEIR: Det er ønskt politikk at bergensarar skal få møte meir nynorsk i kvardagen, skriv Peder Lofsnes Hauge. Foto: Odd E. Nærbø (Arkiv)

Debattinnlegg

  • Peder Lofnes Hauge
    Nestleiar i Noregs Mållag
  1. Leserne mener

Ingelin Hoff Larsen frå Loddefjord er uroa for det ho kallar sniknynorskifisering (!) av Bergen. Hoff Larsen og eg er openbert usamde om korvidt dette er eit gode for byen vår, men også den grunnleggjande premissen hennar er feil: Dette er ikkje noko som skjer i det skjulte.

Det skjer med opne auge, utestemme og med demokratisk forankring i byens øvste folkevalde organ, bystyret.

Peder Lofnes Hauge Foto: Elise Årdal

Og det er jo heile poenget: Nynorsken skal bli meir synleg fordi bergensarar skal få møte meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar. Det er ønskt politikk og heilt naudsynt.

Hoff Larsen er oppteken av at «fleirtalet skal bestemme og i Bergen bruker flertallet bokmål», men er sjølv i mindretal (trur eg) med det nynorsksynet ho forfektar. Rett nok synes ho «nynorsk er et fint språk», men ho vil tilsynelatande helst ikkje sjå det i bybilete.

Eg må nok skuffe ho. Nynorsken skal bli endå meir synleg i Bergen i åra som kjem. Til glede for både bergensere og bergensarar.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg