Vakn opp, Støre! Alarmen går ...

Gjer deg partinamnet verdig.

Statsminister Jonas Gahr Støre har mykje å tenke på for tida, meiner innsendaren.
  • Ingebjørg Skiple
    Lærer, Bergen kommune
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Legg ned bestikket, ta farvel med Macron. Sei på gjensyn til Brussel, og vend nasen din heim. Det lyser raudt. Velferdsstaten er sett under press.

Nyheitene har i det siste sett søkelys på fattigdom i offentlege tenester. Vi har sett hjelpepleiaren som ikkje har høve til å utføre arbeidet sitt på ein tilfredsstillande måte. Stillingsprosenten er for låg, og oppgåvene for mange.

Ingebjørg Skiple meiner vi sparer oss til fant.

Vi har sett ei kraftig underbemanna eldreomsorg, i verste fall ubemanna. Det finst ikkje nok folk, og naudløysinga er snakkande maskiner. Vi er i starten av eldrebølgja, vi ser alle kvar det bér. Kvinnehelse er ulønnsamt.

Vi høyrer om fødetilbod som vert lagt ned, og reduksjon av liggetid for fødande. Vi ser jordmødrer som har det så travelt, at dei verken har tid til matpause eller toalettbesøk.

Vi har fått vite at sjukehus skal væra lønnsame, og at dei tener pengar på nokre pasientgrupper, medan dei taper på andre. I skulen er det kamp om krona; prioritering av tid og knappe ressursar som ikkje strekk til.

Les også

Støre om matprishoppet: – Det er jeg kritisk til

Læraren har fått ansvar for både undervisning og psykisk helse. Barnevernet er i krise, psykisk helsetilbod for barn og unge vert redusert, og ungdomsklubben er langt ned. Det er noko som ikkje stemmer.

Korleis kan det ha seg at staten er søkkrik, medan dei offentlege tenestene vert utarma? I verdas rikaste land sparer vi oss til fant.

Det lyser raudt Støre, alarmen har gått.

Tid for ansvar. Tid for å leia. Gjer deg partinamnet verdig.

Publisert: