Førebyggande helsearbeid i skulane er under press

Kven skal ta dei individuelle samtalene når helsesjukepleiar ikkje lenger får tid?

Ein gummistrikk var til hjelp for ein elev som innsendaren fekk på kontoret sitt.
  • Maria Angela Thingnes
    Helsesjukepleiar
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg opnar døra med glede, for eg brenn for barn og unge, helsefremming og førebyggjande arbeid.

Ein gong kom det ein elev inn på kontoret mitt. Eleven hadde det vanskeleg og hadde ikkje fått i seg mat på over ei veke. Eleven hadde tidlegare handtert vanskelege kjensler med å kutte seg.

Eg oppfordra eleven til å stille seg sjølv spørsmålet: «Kan eg gjere noko med det? Viss svaret er ja, gjer noko med det, viss svaret er nei, tenk på noko anna.»

Eg gav eleven ein tynn gummistrikk til å ha rundt eine handleddet til å dra i, viss kjenslene vart for sterke og trongen til å kutte seg for stor. Gummistrikk rundt handleddet kan gi ganske store smerter når ein drar i det. Utan at det er farleg.

Veka etter kom eleven tilbake. Eleven hadde det mykje betre no og fekk i seg mat. Hadde ikkje kutta seg, og eleven hadde klart å stille seg sjølv ja/nei-spørsmålet.

Maria Angela Thingnes

Det er i sånne augneblink ein forstår verdien av jobben ein gjer helsesjukepleiar. Verdien av å vere tilgjengeleg for dei som treng det, når dei treng det.

Men no skal vi jobbe meir på systemnivå, for å sikre elevane eit godt fysisk og psykososialt miljø. Det vil seie at vi skal ha meir undervisning, stille opp på foreldremøte, stille opp på FAU-møte, stille opp på planleggingsdagar, stille i tverrfaglege team, møte med leiinga på skulen og møte med pedagogisk personell. Ha grupper. Til dømes angstgrupper, vennskapsgrupper, skilsmissegrupper osv.

Sakte, men sikkert ser ein at arbeidsoppgåvene til helsesjukepleiarar utvidast. Då blir det mindre tid til individuelle samtaler.

Som helsesjukepleiar har eg dokumentasjonsplikt. Eg dokumenterer kven eg pratar med, kva arbeidsoppgåver eg gjer i løpet av ein arbeidsdag, og eg skriv i journalen til elevar som eg har prata med.

I september fann eg ut at eg hadde hatt 70 samtalar med elevar frå 1. til 10. klasse. (Det var berre i løpet av 16 dagar, for eg hadde òg vore på seminar.) I tillegg har eg mykje anna eg driv med, som møter, journalskriving, telefonsamtalar og helseprat med alle 8.-klassingane. Eg kjenner likevel på dårleg samvit, for det eg ikkje får gjort.

Eg forstår at det ikkje er berekraftig i lengda å ha 70 individuelle samtaler gjennom ein månad, men eg trur ikkje at dei samtalene eg har hatt med barna gjennom september, har vore unødvendige. Tvert imot.

Det er barn som treng nokon som ser dei, som treng nokon som lyttar, og som treng vår hjelp når kvardagen er utfordrande.

Eg kjenner eg er glad september er forbi, for eg er litt sliten.

Eg stiller meg spørsmålet: Kan eg gjere noko med det? Viss svaret er ja, så gjer eg noko med det. Viss svaret er nei, tenker eg på noko anna.

Svaret mitt er ja, men eg veit ikkje kva eg skal gjere med det.

Publisert: