Naturfaglærar Hoffs metode

Siste året på ungdomsskulen fekk vi ny lærar i naturfag.

  • Endre Kleiven
    Eleven på Førde ungdomsskule i 1994, klasse 9B
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

«Hoffen kasta ein elev ut av vindauget ein gong», var ryktet. Eit stille og spent klasserom møtte naturfaglærar Hoff til første time.

Mange har ein lærar dei hugsar ekstra godt frå oppveksten. Sjølv var eg heldig og hadde ei gullrekke av lærarar frå første stund. Noko skuldast tilfelle, noko er godt rekrutteringsarbeid i kommunen.

Gode skular i gode lokalsamfunn avlar ofte eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Men det treng ikkje vere slik.

Siste tida har eg ofte tenkt attende på «Hoffen», han som fekk det beste ut av meg i naturfag. God fagkunnskap i samband med eit sterkt ønske om at vi skulle lære, det trur eg er mykje av grunnen. Blei vi ikkje ferdig til oppsett tid på prøven, fekk vi sitte lenger. «Hoffen» hadde god tid.

«Eg var heldig og hadde ei gullrekke av lærarar frå første stund», skriv Endre Kleiven.

På vidaregåande fortsette eg med økonomi, medan dei andre skarpskodde tok fysikk og kjemi. Men på ungdomsskulen var vi jamgode. Det var utelukkande «Hoffen» si forteneste, han som ryktet sa kunne kaste deg ut av vindauget om du ikkje oppførte deg skapleg. Streng til tider, ein viktig eigenskap for å halde kontroll på klasserommet. Då kan slike rykte oppstå. For min del fekk han ein uroleg femtenåring til å skjerpe seg.

Eg mistenkjer mange med sterke meiningar om både straumkrise og klimakrise kanskje ikkje har full kontroll på naturfagpensum. Drivhuseffekt, terawatt og kraftunderskot, det kan vere tungt stoff til tider.

Særleg straumkrisa er eit godt eksempel på skulepensum i praksis. Det er naturfag, samfunnsfag og økonomi på same tid, og syner kanskje meir enn nokon gong kor viktig det er med eit godt læringsmiljø.

I sentrum står læraren.

Publisert: