Eit ran av framtidige generasjonar

Sjeldan har lysta til å lenka seg fast og gjere sivil ulydigheit vore større.

MATJORD GÅR TAPT: Det vert meir og meir klart for meg at matjord treng eit sterkare juridisk vern, skriv innsendar. BT (arkiv)

Debattinnlegg

Lars Mostrøm Fjeldstad
Fylkesleiar, Hordaland Senterungdom

Det er med stor skuffelse og vantru eg les at bystyret i Bergen har vedteke eit plan som vil føra til nedbygging av 1000 dekar matjord. Matjord som Naturvernforbundet klassar som noko av den beste matjorda på Vestlandet. I eit jafs stikk Bergen kommune av med ein fjerdedel av målet på 4000 dekar som vart sett av eit samla Storting. Sjeldan har vel utrykket «å pissa i buksa for å halda varmen om vinteren» kunne vorte brukt meir korrekt enn i denne situasjonen.

Les også

Jeg skammer meg over politikerne i Bergen

Nedbygging av matjorda er ikkje berre eit stort tap for Bergen eller Vestlandet. Det er ikkje berre eit stort tap for Noreg. Det er eit stort tap for heile verda. Nedbygging av matjord er faktisk ei av dei største utfordringane verda no står foran. Kvar einaste kvadratmeter matjord som vert bygd ned her i Noreg, er ein kvadratmeter matjord som mindre heldige land ikkje får brukt til å brødfø sine eigne.

Lars Fjeldstad Privat

Alle land har ei plikt til å produsere mat til sine eigne innbyggjarar, ifølgje FN. Korleis er det då på nokon som helst måte rett at me, verdas rikaste land, fortset å bygge ned matjord i hytt og gevær samstundes som befolkninga berre aukar og aukar? Det er moralsk forkasteleg og uklokt av fleirtalet i bystyret å gå inn for denne planen slik den ligg i dag.

Det finst faktisk ikkje eit einaste argument for å bygge ned matjord anna enn kortsiktige mål om kapital. Sjølv ikkje byutviklingsbyråd i Bergen, Anna Elisa Tryti (Ap), som har hovudansvaret for denne planen, klarte å komma med eit einaste sakleg argument for då NRK konfronterte ho om nedbygginga som ligg i denne planen.

Ein høyrer gong på gong forklaring frå politikarar som går inn for omfattande nedbygging av matjord som at dette er nesten som ei naturkraft, som at det ikkje kan stoppast. Dei tar så feil. Tre prosent av arealet til Noreg består av matjord, det betyr at me kan bygga på 97 prosent av arealet vårt, og det er nettopp det me skal gjere! Me har ei forplikting overfor både verda og våre eigne innbyggjarar å ta vare på matjorda vår. Om ikkje me greier det ein gong, kven skal då gjere det?

Les også

Dyrkbar = dyrebar

Det vert meir og meir klart for meg at matjord treng eit sterkare juridisk vern. Denne planen her er eit godt eksempel på at kortsiktige politikarar slår bein under sjølve livsgrunnlaget for framtidige generasjonar. Matkasting og matsvinn har fått stort fokus dei siste åra, det er bra. Men å kasta ei gulerot eller ein lauk er ingenting i forhold til å kaste vekk jord som trengs for å produsere ei gulerot eller ein lauk år etter år i all æve.

Sjeldan har lysta til å lenka seg fast og gjere sivil ulydigheit vore større, problemet her er berre det at området som skal byggast ned er så enormt at ein må vera tusenvis for å få dekka det.

Har du meninger? Send innlegg til debatt@bt.no og følg oss på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg