Ja til julegudstenester for skulane

Alle elevar bør få tilbod om eit uforpliktande møte med kyrkja.

Innsendaren er skeptisk til forkynning i skulen, men meiner den bibelske juleforteljinga har prega oss i mange hundre år og kan forteljast til alle.
  • Rune Garmann
    Pensjonert lærar
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er ikkje vanskeleg å seie seg samd i Christian Lomsdalen sin argumentasjon når han i BT den 13. desember skriv at vi som borgarar i eit livssynsope samfunn må møte våre medborgarar på ein open, informert og aksepterande måte. Spørsmålet er korleis ein skal gjere dette på best mogeleg vis.

Eg trur ikkje at den beste måten er å leggje eit slags lok over all religiøs praksis i det offentlege rommet. Tvert imot, eg trur at det er fint og verdfullt å kunne oppleve at religion og tradisjonar knytt til religion er synlege i samfunnsbiletet.

Etter 22. juli var det ingen som spurde etter livssynet til dei som møtte fram i kyrkja, skriv Rune Garmann, pensjonert lærar og leiar for soknerådet i Masfjorden kommune.

Eit førebilete eg har, er ein kosovoalbansk mann eg ein gong hadde i norskopplæring. Han var muslim, og eg spurde han ein gong korleis det var for han og familien når dei kristne naboane hans feira jul. Han svara slik: «Når det er jul, vitjar vi naboane våre og feirar saman med dei. Når vi feirar våre høgtider, kjem dei til oss og feirar saman med oss.»

Eg er i utgangspunktet svært skeptisk til forkynning i skulen. Omgrepet «forkynning» er ikkje eintydig, men frå min ståstad handlar det i denne samanhengen om forsøk på å overtyde folk om at ein særskilt religiøs ståstad er den rette, også for dei. Dette er inga oppgåve for den offentlege skulen.

Kva synest du om at elevar får tilbod om å gå på skulegudsteneste?

Men eg er likevel tilhengar av at skulane legg til rette for ei skulegudsteneste til jul, av to grunnar:

Den eine er at den bibelske juleforteljinga er blitt ein djupt innarbeidd del av tradisjonane våre. Å dele denne forteljinga med nye generasjonar er såleis å formidle kunnskap om ein kultur som har prega folket vårt i mange hundre år. Å møte denne forteljinga i kyrkja er å setje forteljinga inn i ein kontekst.

Det er også eit historisk faktum at denne forteljinga hos oss er formidla i tradisjon tufta på læra til den evangelisk-lutherske kyrkja, som Den norske kyrkja også byggjer på.

Den andre grunnen byggjer på ein slags beredskapstanke. Kyrkja er ein stad folk gjerne går til og samlast i når dei opplever noko traumatisk og vanskeleg. Ein kan spørje kvifor det er slik, og gjerne tenkje litt over kva alternativ som måtte finnast.

Men det er eit faktum at kyrkjene i mange høve er blitt møtestaden for folk når noko alvorleg har skjedd. Blomehavet utanfor Oslo domkyrkje etter ugjerningane 22. juli 2011 er kan hende det aller mest synlege dømet på dette.

Den gongen var det ingen som spurde etter livssyn og religiøs tilknyting til dei som møtte fram. Eg har ikkje høyrt at det har vore praksis i eller ved andre kyrkjer der folk har samla seg, heller. Og det er slik det skal vere, etter mi meining. Kyrkja si dør skal vere open for alle som treng det når dei treng det, og folk skal vite seg velkomne der, uansett kva dei elles måtte tru og tenkje.

Å gi alle elevar høve til eit uforpliktande og vonleg fint møte med kyrkja, gjennom å tilby julegudstenester, kan vere eit godt bidrag til å høvle ned dørstokken til kyrkjedøra – og bidra til at dei kjenner seg velkomne til kyrkja dersom dei får ynskje om eller kjenner behov for å kome dit.

Publisert: