Eg har snudd i synet på iPad i skulen

iPad, Chromebook og PC er til stor hjelp for elevane.

MEIR POSITIV: Innsendaren var skeptisk til teknologi i klasserommet, men har fått eit nytt syn på saka etter at elevane hennar fekk iPad og Chromebook for fem år sidan. Gorm Kallestad / NTB scanpix

Debattinnlegg

Ingvild Vikingsen Skogestad
Mor og lærar på Knappskog skule

INNSENDAREN: Lærar Ingvild Vikingsen Skogestad Privat

Eg jobbar sjølv på ein heildigital skule, Knappskog skule. Hos oss har 1.–3. trinn iPad og 4.–7. trinn Chromebook. Eg var sjølv teknologiskeptisk då vi starta opp pilotprosjektet Digg Læring for fem år sidan, men eg har verkeleg endra meining.

Same år starta mitt eldste barn på skulen. Dette samanlikningsgrunnlaget har gjort meg endå sikrare på den nye ståstaden min.

Vi har snudd om på pedagogikken hos oss. No skal vi alltid bruke dei verktøya – analoge eller digitale – som gir mest motivasjon, meistring og læring hos den einskilde eleven. Det er kva elevane skal lære, som er i fokus, ikkje kva app dei skal bruke.

Somme elevar lærer best ved å skrive for hand, andre på tastatur. Nokre liker best å lese på skjerm, andre i bok. Vi skal lære dei strategiar for alt, slik dei igjen kan velje kva som passar dei best.

Målet er at dei til sjuande og sist skal bli gode, fungerande samfunnsborgarar.

Vi må lære elevane våre digital kompetanse. Kommentarfelt og sosiale medium viser at det er naudsynt. Vi må lære dei digital dømmekraft. Lære dei at algoritmar styrer både Google og Facebook med formål at selskapet skal tene mest mogeleg pengar.

Les også

Lektor: «Skolen er marinert i kristendom»

Vi må lære dei kjeldekritikk og ikkje minst nettvett. Samfunnet er i endring, og skulen må endre seg i takt med dette.

Vi må lære dei korleis dei løyser problem, og vi må hjelpe dei å få den kompetansen som næringslivet treng i framtida.

Elevane våre er digitalt innfødde konsumentar, men ikkje produsentar. Vi må lære dei korleis dei nyttar iPad/Chromebook/PC som nytteverktøy, ikkje berre til underhaldning.

Det vi ser på skulen hos oss, er motiverte elevar som meistrar og som dermed lærer meir. Kvifor? Det digitale gir oss nye mogelegheiter som hjelpemiddel som gjer at alle føler meistring. Med dei nye verktøya kan til dømes alle 1.-klassingane skrive sine eigne tekstar tidleg. Elevar med lese og skrivevanskar blir ikkje behandla ulikt i klasserom der alle brukar hjelpemiddel.

Det vi ser etter desse fem åra, er at når mengdetreninga blir digitalisert, blir ho for det første meir motiverande, men endå viktigare: Ho blir meir effektiv og gir oss tid. Tid til igjen å leike på 1. trinn, til å vere fysisk aktive i alle fag, til å samarbeide, til å jobbe meir prosjektbasert, tid til djupnelæring, til å vere kreative.

Vi ønskjer elevar som er kreative, med engasjement og utforskartrong.

Så nei, ein iPad i seg sjølv gir ikkje betre læring. Det er det bruken av den som avgjer. Vi brukar IKT der det gir meir motivasjon, meistring og læring. Og så legg vi det vekk når vi synest det er best. Ein ting er sikkert, elevane våre har aldri kommunisert så mykje med kvarandre som etter vi fekk dei nye verktøya.

Eg kan med handa på hjartet seie at elevane mine sat meir med augo nedi ei bok før, enn dei no gjer med skjermane. Vi er med på eit forskingsprosjekt, Digihand, som forskar på dette med utsett handskriftstart. Vi ventar spent på konklusjonane her.

Mange har kritisert digitaliseringa av klasserommet denne hausten. Det er viktig å lytte til alle slags innspel. Men skal du diskutere det som skjer i klasserommet mitt, bør du setje deg inn i det som skjer. Du er hjarteleg velkomen på besøk!

Det handlar ikkje eigentleg om digital undervisning og digitale verktøy. Det handlar om læring og å hjelpe elevane til å utvikle seg på best mogeleg måte. Dei føresette kan vere trygge på at det er dette vi er opptekne av.