Ein ode til dei grå dagane

Dei har ofra seg for å la dei andre dagane få skine i glansen av livets godside.

Publisert Publisert

TAKKSAM: Kanskje klarer du ein dag å kjenne på ei inderleg og oppriktig takk til dei grå dagane, skriv innsendar Malene Vilnes. Foto: Knut Egil Wang / MOMENT (arkiv)

Debattinnlegg

  • Malene Vilnes
    Åsane

Den grå fargen har ikkje fått plass i regnbogen. Det er ikkje den fargen som blir trekt fram når ein snakkar om glød eller lidenskap. Grå blir brukt for å beskrive det som er på nedre del av både farge- og sinnsskalaen.

Er du grå, er du kjedeleg, sliten eller lei. Den er såpass nedrig at du ikkje finn den i personlegdomstestar. Der er du skravlete gul eller balansert grøn, i verste fall hissig og raud. Uansett utfall: du endar ikkje opp som ein livlaus gråing. Men dagar kan vere grå. Og i dag vil eg hylle nettopp dei dagane som har kledd seg i grått.

For utan desse dagane ville ikkje andre dagar ha hatt dei flotte fargane sine. Det er eg sikker på.

Malene Vilnes Foto: Privat

Det er som om dei grå dagane har ofra seg, for å la dei andre få skine i glansen av livets godside. Det står det respekt av. Grå dagar kjem i fleire nyansar. Du har dei lysegrå. Det er dei dagane der juleblomane ristar av seg blada sine, og lar dei ligge brune att i glaskarmen.

Festen er over, og det er lenge til neste. Ein dag med blanke ark utan at du orkar å fylle dei. Likegyldige ruter på kalenderen. Dei berre er der, som sølepyttar i ein grusveg ingen bryr seg med å tette att. Likevel kjenner du irritasjonen i det du plumpar nedi med reine dekk. Desse dagane har liksom ingen mål eller meining, dei berre er, og du må berre gjennom.

Og det klarer du. Dei er overkomelege. Gjennomsnittlege. I beste fall kan du legge deg og tenkje at det blir kjekkare i morgon. Men det er ingenting å skrive heim om. Desse dagane er som eit skuldertrekk. Dei verkelege grå dreg deg med seg ned i djupare søkk. Det er dei som krev deg med hud og hår, og det er dei eg verkeleg vil hylle.

Les også

Når hjernen går til krig mot seg sjølv

Om dei lysegrå byr på visne juleblomar i det puslete lyset frå bleike solstrålar gjennom eit vinterskite vindauge, er dei mørkegrå gjerne så stormfulle at lyset kan gløyme å kome inn. Det er desse dagane som vil vise kva som bur i deg. Det er her du blir sett på prøve. Kva du vel å gjere der og då er opp til deg. Eg meiner at det meste er lov.

Om du blir liggande i fosterstilling under dyna, grin deg tom, drikk deg full, eller skriv dikt som aldri ser dagens lys, er det ok. Om du brøler til alt det grå, spring sveitt opp bratte skråningar og kastar opp på toppen, syns eg det er heilt innanfor. Så lenge det går over. Eg er heldig. For meg har aldri dagen gått i svart. Det er eg glad for.

Eg veit ikkje kva som er i dei svarte dagane. Dei bekmørke. I det grå er det alltid håp. Eit streif av lys skil grått frå svart. Og kanskje er det litt av styrken i dei grå dagane, det at det kvite har blanda seg med det svarte. Som om dei grå dagane har tenkt at dei skal gi eit håp om betre tider, noko å strekke seg etter, men likevel vil at du skal kjenne litt på livet.

Smake smerte. Takle tøffe tak. For så å tråkke til og finne det du treng for å nå dit du vil. For kva ville søte gledestårer vore utan dei ramsalte og vonde? Kva ville siger vore utan tap? Kva skal du med uavgjort?

Det er ikkje toppar der det er flatt. Ingen nerve der det aldri er kamp. Eg har høyrt at larven trur den skal døy i sekundet før den spreier vengene som ein sommarfugl. Klisje, ja, kanskje, men det er på brestepunktet du kanskje ser kor du skal. Dei grå dagane kan følast som om du nærmar deg slutten, men inst inne veit du at det ikkje er sant.

Og kanskje klarer du ein dag å kjenne på ein inderleg og oppriktig takk til dei grå dagane. Det var det eg gjorde då eg sat på bussen heim frå jobb ein vinterdag i februar, og eit streif av lykke avla nokre tårer av glede på kjaken min.

Det var då eg tenkte at eg mest truleg aldri ville kjent på alt det gode, om ikkje dei grå dagane hadde brøyta veg og lagt til rette for at denne onsdagen var gyllen, og kunne by på hjartespreng av den gode sorten.

Kor mange måndagar, tysdagar, andre onsdagar og ikkje minst søndagar, som har ofra seg på vegen, veit eg ikkje. Om eg har forbant dei? Ja. Men dette er ei takk til dykk. Takk for at de herja såpass med meg. Det har alltid hjelpt meg vidare.

Vel. Eg veit vi vil møtes igjen, og trass i det eg skriv no, må de nok vere merksame på at eg kjem til å kjempe imot. Ein gløymer fort, og de kan jo vere ganske intense når de kjem inn døra med eit brak. Velkomne skal de likevel vere. Men dryg gjerne litt. Eg har nokre gule onsdagar og rosa fredagar eg vil leike med først.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg