Pengeboka skal ikkje styre om du får leve

DEBATT: Norge er på jumboplass når det gjeld å innføra nye, livreddande medisinar.

DÅRLEGAST I KLASSEN: I ein fersk rapport kjem det fram at Norge er på jumboplass når det gjeld å innføra nye, livreddande medisinar, skirv Anne Gine Hestetun. Paul S. Amundsen / Frilans

Debattinnlegg

Anne Gine Hestetun
Fylkesordførerkandidat i Vestland (Ap)

Tenk deg situasjonen. Du er sjuk. Du veit det fins medisinar, men du har ikkje råd til dei. Du set hus og heim på spel for å klara å betala for medisinane.

Som kreftpasient gjennom knappe 10 år, har eg hausta rikeleg med erfaring. Eg har vore heldig. Eg har hatt folk rundt meg som har reist den millionen eg trengte for å få livreddande medisin. Det er vel og bra, men ikkje alle er så heldige.

Folk døyr mens dei ventar. Samstundes tek det private helsevesenet i bruk nye, godkjente medisinar, umiddelbart. Dette betyr at folk med velfylte pengebøker får tilgang til nye, godkjente medisinar.

Dagens helsepolitikk og sjukehusøkonomi lagar større klasseskilje. Det rammar pasientar, pårørande og helsepersonell. Dei aller fleste kjenner nokon som er i ein krevjande helsesituasjon.

Les også

Les også portrettintervjuet med Anne Gine Hestetun frå 2017: «Den tøffeste kampen»

Beslutningsforum, sett saman av toppleiarane i helseforetaka, har ansvaret for å prioritera kva medisinar det offentlege Norge skal gje pasientane. For kvart positive vedtak, blir gapet i sjukehusøkonomien meir utfordrande. Dette er ein umuleg målkonflikt. Dei har ein umuleg jobb.

Samstundes tek saksbehandlingstida og beslutningsprosessen svært lang tid. I ein fersk rapport kjem det fram at Norge er på jumboplass når det gjeld å innføra nye, livreddande medisinar. Statsråd Høie er blant dei dårlegaste i klassen.

For meg og for oss i Arbeiderpartiet er dette ei utvikling vi ikkje kan sitte og sjå på. Regjeringa snakkar om utredningar. Det viser ei total avmakt. No treng vi ikkje utredningar, vi treng politiske leiarar som skjer gjennom, og sikrar at folk får dei medisinane dei treng.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg