Vandalar på villspor

Brått opplever eg at utbyggjarar utan varsel har fare over mine fjell og teikna inn nærare 30 vindturbinar på vår eigedom.

I MESTE LAGET: I motsetnad til ein av mine naboar som ynskjer vindmøllene velkomne som litt ekstra julepynt langs fjellkantane, synest eg at 30 raude julelys heile året kan bli i meste laget, skriv Albert Kjetland (biletet). Roar Christiansen (arkiv)

Debattinnlegg

Albert Kjetland
Masfjorden

Vindturbinar har av litt uforståelege grunnar blitt styresmaktene sin favoritt når det skal byggjast ut meir grøn og miljøvenleg kraft her i landet. Etter mitt syn er ikkje dei nye såkalla vindparkane på land korkje særleg grøne eller miljøvenlege. Ikkje for auga, men endå mindre for landskapet.

Eg trudde likevel aldri at dette skulle bli ei aktuell problemstilling eller diskusjonstema for meg og mine. Vårt vesle gardsbruk og vår vesle kommune har så visst ytt sin del av ressursar for at landet skal ha ei stabil og tilstrekkeleg kraftforsyning. Me treng ikkje ha dårleg samvit i så måte.

Men me skal visst aldri få fred.

Brått opplever eg at nye utbyggjarar utan varsel har fare over mine fjell og teikna inn nærare 30 vindturbinar på vår eigedom. Om desse blir bygde, vil mine etterkomarar om få år sitja her i denne tronge dalen omringa av gigantiske monstermøller på alle fjell og kantar. Og dette er ikkje små koselege møller som me hugsar frå eventyrbøkene og danske og hollandske hagar.

Til overmål skal dei utstyrast med raude, blinkande lys 250 meter over bakken. I motsetnad til ein av mine naboar, som ynskjer vindmøllene velkomne som litt ekstra julepynt langs fjellkantane, synest eg at 30 raude julelys som skal brenna heile året, kan bli i meste laget.

Les også

Teken av vinden

Desse enorme konstruksjonane vil aldri bli ein naturleg del av vårt fjellandskap. Våre fjell vil i denne samanhengen bli altfor små, sjølv om me til dagleg synest dei er imponerande nok. På kvar side av dei relativt smale fjellryggane ligg der alltid ein dal, og i mange av dalane bur der folk som slett ikkje ynskjer vindmøller som eit dominerande framandelement i kvardagen og i nærmiljøet. Men desse konstruksjonane let seg ikkje gøyma bort. Til det blir dimensjonane for store og plassen for liten.

Vindmøller ved Svartevatnet og på Håfjellet får meg til å tenkja på trolla til Kittelsen i norske folkeeventyr. Også dei er eit framandelement i norsk natur som ikkje kan gøyma seg bort bak stein og tre, men dukkar opp der ein minst ventar å sjå dei. Og me veit at trolla alltid har likt å skape litt ugreie for folka omkring seg. Det trur eg også vindmøllene vil gjera.

Utbyggjaren, Norsk Vind Energi AS, freistar med store leigeinntekter, men dei fleste sit att med ingenting anna enn ulemper, øydelagt natur og redusert daglegmiljø. Kva får dette å seia for naboskap og samhald, som er så viktig i små grender?

Eg er redd for at splid og misunning kan øydeleggja dei verdiane som har gjeve oss styrke til å overleva her. Kva med solidaritet og ansvar for at våre avgjerder ikkje går ut over andre som framleis bur her?

Dette prosjektet får konsekvensar for mange langt ut over vår eigen bøgard. I denne samanhengen blir det litt meiningslaust å peika på si eigedomsgrense og seia at her byggjer eg som eg vil. Ei 250 meter høg vindmølle plassert fire meter frå nabogrensa vil naturleg nok føra til konfliktar. I så fall har trolla oppnådd det dei ville.

Som grunneigar er det vanskeleg å sortera tilbod, informasjon og argument. Det blir hevda at avtalar kan seiast opp etter 25 år. Så blir turbinane fjerna, og alt blir som før.

Det blir ikkje det. Den tyngste komponenten i eit vindkraftverk seiest å vera 65 tonn. For å få desse på plass opp bratte lier og over alle fjell, trengst det meir enn ein enkel traktorveg. Det trengs breie tilkomstvegar til områda og mellom vindmøllene. I tillegg treng kvar vindmølle ein oppstillingsplass på mellom 1500 og 2500 kvadratmeter. Vindmøllene kan nok fjernast (utan at eg trur noko på den lovnaden), men landskapet vil vera skamfare for alltid.

Les også

Ordfører: – Vi er blitt overkjørt

Stundom kan det vera vanskeleg å gjera eit val, men i denne saka bør det vera enkelt. Ein må vera ærleg mot si eiga overtyding og velja det som ein inst inne veit er rett og som ein kan stå for. Vårt bruk, som er part i sameige for gard nr 56 i Masfjorden, har difor avgjort at me ikkje ynskjer vindmøller på eigedomen, og vi vil gå aktivt imot ei slik utbygging.

Og det gjeld ikkje berre for vårt område. Eg vil heller ikkje ha naboen sine vindmøller som næraste «attraksjon» og støykjelde nokre hundre meter frå vår nybygde sæter ved Svartevatnet.

Alle planar om vindkraft i Masfjorden/Lindås sine fjellområde og Stølsheimen må difor skrinleggjast.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg