Arbeid som kristen verdi

Mange trur KrF er gode på det som vi skal leva for, men ikkje så opptatt av det vi skal leva av.

Publisert: Publisert:

POTENSIAL: Havnæringane har eit enormt potensial, og nasjonal politikk må vera pådrivar for inkubator- og gründer-klyngjer, skriv Torill Selsvold Nyborg. Biletet viser Marineholmen i Bergen. Foto: Ørjan Deisz

Debattinnlegg

Torill Selsvold Nyborg
Leder, KrF Kvinner i Hordaland

Det ser lysare ut for næringslivet i 2017, men arbeidsløysa er stor i fleire kommunar langs kysten. Dei siste tala viser 5,5 prosent ledige i Øygarden, 4,5 prosent i Fjell og 3,3 prosent for fylket totalt sett. Dette kan vi ikkje leva med. Arbeid er ein sentral kristen verdi med utspring i forvaltaransvaret. Det er dramatisk for ein familie når ein eller begge ektefellar er ledige. Vi må både ha kortsiktige tiltak samstundes som vi må ha fokus på den store omstillinga vi er inne i.

Hordaland treng ein nærings- og sysselsetjingspolitikk som er med og skapar mange arbeidsplassar. Det skjer ved å utvikla og omstilla etablerte verksemder, men også ved etablering av nye. Til dette treng vi kunnskap. Vestlandet og Hordaland har ein stor kompetansebase som må brukast. Vi må bruka kunnskapen til omstilling, slik vi har lukkast i tidlegare tider. Kapitalsterke i Norge har satsa på eigedom. No er tida inne til å vri innsatsen mot full sysselsetjing. Staten og heile næringslivet må delta i næringsløftet som skal til for å nå dette målet.

Vestlandet og Hordaland arbeider for eit fornybart samfunn, med stor satsing på grøn utvikling på land, og til havs. Havnæringane har eit enormt potensial, og nasjonal politikk må vera pådrivar for inkubator- og gründer-klyngjer. Det gjeld havvind, tang og tare, oppdrett og hausting på djupt hav, ned til 2000 m.

Små og mellomstore verksemder er berekrafta i lokalsamfunna langs kysten vår og er avgjerande for arbeidsplassar og busetnad. Men vi må også tenkja større, for vi treng nesten 10.000 nye arbeidsplassar berre i Hordaland.

Les også

Finnes det en fremtid for KrF?

KrF vil i regjering til hausten, med Erna Solberg som statsminister. Den nye regjeringa står framfor store politiske utfordringar, og eg vil nemna seks nøkkelområde for å lukkast:

  1. Satsing på nye verksemder, også store. Det vil skapa ny leverandørindustri.
  2. Investering i kompetanse. Vi skal bli verdsleiande i forvalting av Havrommet.
  3. Kompetansefunn må på plass, etter mønster frå Skattefunn. Det har vore ei ordning som har vikra godt og som kan overførast til andre område. Verksemder som tek kompetanse frå olje- og gassnæringa og brukar den i utviklinga av havnæringa, må stimulerast og premierast.
  4. Vi treng ein ny etter- og vidareutdannings-reform som omskolerer folk til framtidas næringar.
  5. Eit betre skattesystem med skattelette til bedrifter under fem år. Små og mellomstore verksemder må sikrast rammevilkår slik at dei ikkje vert slukt av dei store.
  6. Satsing på opplæring av lærlingar. Vi treng dyktige fagarbeidarar, dei er ein avgjerande suksessfaktor for nye grøne og blå arbeidsplassar. Arbeidsgjevaravgifta på lærlingar må fjernast.

Mange trur KrF er gode på det som vi skal leva for, men ikkje så opptatt av det vi skal leva av. Dette er ikkje rett. Vi har vore aktive pådrivarar i nærings- og sysselsetjingspolitikk den siste perioden, og no snur det.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg