LIK-OG-DEL!-samfunnet

Sjølv om Listhaug meistrar debatt- og retorikk-kunsten reint teknisk, synest ho heilt blotta for forståelse for ordet si makt.

Publisert:

Du kan sei at det er feigt å vera (betinga) for Listhaug sin politikk men mot Listhaug sin retorikk. Men det har noko å sei kva ord du brukar, skriv Ingebjørn Bleidvin.

Debattinnlegg

Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

Det er ikkje det at eg er så fundamentalt ueinig i politikken Listhaug fører. Mykje av den er breitt forankra på Stortinget. I reine tal er den ikkje nødvendigvis vesensforskjellig frå raudgrøn innvandringspolitikk.

Men.

Ho virkar for tilfreds med det heile. I likskap med då ho trampa rundt som ein elefant i porselensbutikken som landbruksminister, og gliste breiare og breiare dess meir ho klarte å knusa i småbitar.

På same måte synest Listhaug no einsidig å tenka at kritikk og opprør betyr at ho gjer alt rett innan innvandring og inkludering.
Dei som reagerar på måten ho ordlegg seg på blir konstant stempla som mjuke, urealistiske sosialistar som ikkje forstår den verkelege verda. Dei som vågar å ymta framom at det går an å omtala innvandrarar som noko anna enn ein trussel mot framtida til våre barn, må sporenstreks svara for kva velferdsordningar dei vil kutta. Den som kritiserar framferda hennar blir rutinemessig beskulda for nedrige personangrep (av Listhaug sjølv, eller den trufaste våpendragaren Per Sandberg), utan hensyn til at Listhaug sjølv har «stått fram» på framsida av VG med si «tvil» om korvidt ho skulle fortsetja i politikken av familiehensyn, samtidig som ho pushar familieidyllen for alt den er verdt på den høgst offentlege bloggen sin.

Les også

Listhaug må gå

Listhaug, med ei fortid i PR-klubben First House, meistrar nye medier og samtidas retorikk til fingerspissane. Når ho på monomant vis messar om og om igjen på dei same setningane i ein debatt, er det fordi ho veit at lyttarane uansett ikkje hugsar noko særleg av det heile. Dei hugsar punchlines og ting som blir gjentekne. Vinnaren er ikkje den som har dei beste argumenta eller fakta på si side. Vinnaren er den som får sagt sitt poeng flest gonger, uavhengig av kva ein eigentleg snakkar om.

Det tragiske i dette er at sjølv om Listhaug meistrar debatt- og retorikk-kunsten reint teknisk, synest ho på paradoksalt vis å vera heilt blotta for forståing for ordets makt, og korleis språket hennar formar meiningar langt utanfor kretsane ho henvender seg til.

Eg var ganske tett på det kommunale hjelpe- og mottaksapparatet under den største innstrøyminga i fjor. Eg såg korleis det knaka i samanføyingane. Eg såg korleis skular, helsestasjonar og barnehagar ynskte å bidra med mest mogleg, ofte med avgrensa ressursar og kompetanse. Eg såg korleis timebøkene på legekontoret vart fylt opp med PTSD, uvante smittesituasjonar, og andre kostbare og tidkrevande ting.

Eg har ingen illusjonar om at ein slik runde til hadde enda særleg bra. Eg er smerteleg klar over at dei titusenlappane som rann ut på spesialpedagogikk, samtaleterapi og dyre blodprøvar, til asylsøkarar her i Noreg, heller kunne ha betalt for telt, tepper og matrasjonar til langt fleire trengande i Aleppo. Desse tinga er openbare, og venstresida kan godt slutta med å behandla Listhaug som dyret i openbaringa berre fordi ho konstaterar enkle fakta.

Det er heilt riktig at pengane til sjukeheimar og asylmottak kjem frå same staden. Men når sjukeheimsplassen til Olga (93) og opphaldsløyvet til Ali (17) konsekvent blir sett på kollisjonskurs av leiande politikarar, gong på gong på gong, kryp det til slutt mugg inn i berebjelkane i det norske folk, det anstendige, moralske fundamentet sviktar, og det tårnar seg opp med konfrontasjonar og framandgjering.

Les også

Listhaug: – Jeg kommer ikke til å dempe meg

Du kan sei at det er feigt å vera (betinga) for Listhaug sin politikk men mot Listhaug sin retorikk. For ein utkasta syrar har det ingen ting å sei om du kastar han ut med eit frydefullt glis eller med ei skamfull tåre. Men for dei som får bli, og for oss som skal ta imot dei, har det noko å sei. Retorikken i innvandrings- og integreringsdebatten formar store deler av grunnlaget for korleis me skal leva saman framover. Det har noko å sei kva ord du brukar, korleis du legg fram ting, kva som er grunnen til at du gjer det du gjer.

Den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt formulerte prinsippet for USA sin utanrikspolitikk i fleire tiår, gjennom setninga: «Speak softly and carry a big stick». Kort forklart tyder det å formulera seg skånsomt og lite aggressivt, men samstundes vera tydeleg på at ein kan setja makt bak krava sine. Listhaug har ein veldig «big stick» å bruka mot asylsøkarar: utvising. Ho må jobba mykje meir med «Speak softly»-delen.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg