Vi treng kvar einaste fagarbeidar

Bedriftene etterspør fagarbeidarar, men utdanninga heng etter.

FOR FÅ: Ei undersøking viser at fagfolk til bygg og anlegg er den arbeidskrafta som no er vanskelegast å få tak i. Scanpix

Håvard Almås
Fagsjef næringspolitikk, Maskinentreprenørenes Forbund

Yrkesfagelevar frå ei rekkje fag møtte i førre veke til konkurranse under Yrkes-NM i Bergen. Samtidig presenterte ManpowerGroup ei fersk undersøking om arbeidskraftbehovet i norsk næringsliv. Undersøkinga viser at fagfolk til bygg og anlegg er den arbeidskrafta som no er vanskelegast å få tak i. Det kan forklarast blant anna med at omsetninga i sektoren har vokse med 42 prosent sidan 2010. Talet på yrkesfaglege elevar, lærlingar og lærlingkandidatar har derimot auka med berre 2,9 prosent. Det er eit misforhold mellom utviklinga i arbeidsmarknaden og utviklinga i utdanningssystemet.

Les også

Næringslivet svikter lærlingene

Trass i den positive lærlingeutviklinga får vi førespurnader frå bedrifter som ønskjer å ta imot fleire lærlingar. Hovudutfordringa for anleggsfaga er at dette er dyre fag. Dei fleste yrkesfagskulane eigast av fylkeskommunane, og tronge fylkeskommunale budsjett gjev lite handlingsrom. Dette gjer det tidvis krevjande å få oppretta nye skuleklasser. Når det i tillegg normalt tek fire år å utdanne ein fagarbeidar, vil det oppstå ein ubalanse i behovet for arbeidskraft dersom utdanningssystemet ikkje heng med.

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for yrkesfaga, og det er positivt. Det er dermed ikkje gjeve at eit slikt krav vil føre til fleire skuleplassar innanfor faga næringslivet etterspør. Neste steg for politikarane må derfor vere å sjå på korleis utdanningssystemet på ein betre måte kan møte kompetansebehovet hos bedriftene.

Les også

To av ti lærlinger slutter

Norske fagarbeidarar er i verdsklasse. Dei tenkjer og handlar sjølvstendig, og som vist under Yrkes-NM er dei stolte av faget sitt. Næringsliv og politikarar har eit felles ansvar for å byggje vidare på dette også i åra framover.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg