Det blir eit etterspel

Austerrike må ha ein regjering som også har internasjonal tillit.

Publisert Publisert

SENSASJONELL: Kurz vart formann i partiet i vår etter ein sensasjonell rask karriere, og har deretter på svært kort tid fornya partiet og gitt det nytt namn, «Det nye Folkepartiet». Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Arnfinn Seim
    Pensjonert universitetslærer, UiB

Som forventa vann Det Austerrikske Folkepartiet ( ÖVP), med den 31 år gamle Sebastian Kurz Nasjonalrådsvalet i Austerrike i går, og det med god margin. Førebels fekk partiet om lag 32 prosent. Dei siste vekene før valet varierte meiningsmålingane lite, tilslutningstala har liggje litt høgare, omkring 34 prosent, og ved siste måling var det 33 prosent.

Kurz vart formann i partiet i vår etter ein sensasjonell rask karriere, og har deretter på svært kort tid fornya partiet og gitt det nytt namn, «Det nye Folkepartiet». Han har gitt partiet ein ny symbolfarge – turkis – ved sida av den gamle og tradisjonelle farge svart. Partiet har fått nytt program og eit sentralt ord i marknadsføringa av partiet og politikken er i forandring.

Les også

Sebastian Kurz (31) blir Europas yngste regjeringsleder

ÖVP har vore regjeringsparti ved sida av SPØ – Det austerrikske sosialistiske parti – og Kurz er der utanriksminister. Det er blitt kampen om andreplassen som har vorte spennande. Der har SPØ og FPØ (Det Friheitlege Partiet) begge liggje godt bak Folkepartiet. Det har variert i meiningsmålingane siste vekene. Frå føring først for SPØ, har det ved den siste meiningsmålinga snudd seg til 27 prosent for FPØ og 23 prosent for SPØ. Ved valet nå har SPØ like fullt fått 27 prosent og FPØ står nå på 26 prosent. Situasjonen er flytande.

Valkampen har vore uvanleg og prega av smuss, dette har mest gått ut over ØFP, men også litt over SPØ. Den såkalla «Silbersteinaffära» har gitt deler av valkampen benevninga «dirty campaigning» Det er uklart kva som har hendt og like eins er det uklart kven som har hatt ansvaret og har betalt for det. For SPØ har saka vore belastande. Etter ein «borgfred» i saka siste veka roa det seg og den store avsluttande felles partidebatten sist torsdag var roleg og sakleg, forbløffande sakleg. Men det blir eit etterspel når valet er over.

Sebastian Kurz (31) blir Europas yngste regjeringsleiar Foto: NTB Scanpix

Slik som valresultatet nå ser ut er det duka for fleire mogelege koalisjonar. Austerrike har i lang tid hatt ein koalisjon SPØ – ÖVP, raud-svart populært kalla. Men samarbeidet har siste åra trutna, begge parti har sagt at dette er nå slutt. Da er neste mogelege koalisjon ÖVP – FPØ, eller svart-blå. Det såg ei stund ut til at FPØ ville bli parti nummer 2 ved valet, men valresultatet nå ser ut til at FPØ må nøye seg med ein knapp tredjeplass. Mange kommentarar går i retning av ei koalisjon ÖVP – FPØ, eit Svart – Blått Austerrike.

Ved nærare blikk på ei slik løysing ser ein store utfordringar for den som blir kanslar, og for landet Austerrike. Formannen for FPØ har veka før valet ytra seg om ei komande regjering og kva ministerpostar han tenkjer seg. Han såg seg på det tidspunktet også på ein andreplass ved valet. Han vil ha utanriksministeren, innanriksministeren og finansministeren. Dette er i Austerrikes situasjon nå følsame postar. President Alexander Van der Bellen har ei god tid sidan sagt at han har ikkje tenkt å godkjenne ein utanriksminister frå FPØ i tilfelle det skulle bli foreslått utnemnt ein slik. Vil ha stå fast på det nå når dette kanskje kan bli slik?

Vil ein komande kanslar Kurz godta at kravet blir stilt? Vil Strache godta å gi slepp på utanriksministeren? Ifølgje BT 13. oktober har han mange krav om ein – til dels – drastisk endring av austerriksk politikk på mange felt.

Les også

Konservative Sebastian Kurz (31): – Seieren er en ordre om å forandre Austerrike

Kva er så SPØs situasjon i dette? Dei viktigaste punkt i partiets valkamp var arbeid og sosial sikkerheit, ikkje flyktningar. Kern har tala som ein ansvarsfylt kanslar om økonomisk sikkerheit, om sosialt ansvar og helse, men dette har ikkje heilt gått heim hos veljarane. Partiet hans er delt mellom ein radikal venstrefløy og ein meir konservativ høgrefløy. Austerrike har ikkje noko SV til å samle venstresosialistar. Dette var ein viktig bakgrunn for at kanslar Feymann måtte gå av i mai 2016 og bak det låg usemje on flyktningpolitikken. Kurz såg sjansen til å vri sin politikk til høgre og han overtok politikken på flyktningsaka.

Kan det tenkjast at Kurz rett og slett ikkje finn at han kan regjere saman med FPØ for det blir for mange kollisjonssaker?

Begge koalisjonspartnarar har siste halvåret sagt at koalisjonen er slutt, og det har vore akseptert sanning at det måtte bli nor nytt. Men det "nye" let seg ikkje gjennomføre. Da kanskje ein likevel må la dei gamle regjeringspartia prøve seg nok ein gong.

FPØ har nemleg ingen Europapolitikk som ei ansvarleg regjering kan stå bak. Austerrike skal i 2018 ha formannskapet i EU. Presidenten van der Bellen er for EU, både Kurz og Kern er det. Strache og FPØ er i mot, helst ut av EU. Han har gått inn for at Austerrike skal nærme seg Visegrad-statane og der er bl.a. Ungarn og Orban med. EU er i konflikt med den same Orban. Desse statane har ein svært restriktiv flyktningpolitikk og så langt kan ikkje Austerrike gå. I "Elefantrunden" på sist torsdag viste det seg at FPØ ikkje kan vera ein partnar i ei regjering.

Grunnen til dette er at Austerrike må ha ein regjering som også har internasjonal tillit.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg