Systemet er ikkje berekraftig

Det er ikkje alle som har høve til å velja bort bilen, og dei kan ikkje sitja att med rekninga.

DYRT: Mange pendlarar vil få daglege kostnader på opp mot 150 kroner dagen til bompengar, skriv innsendaren. Eirik Brekke

  • Roald Kvamme
    Arbeiderpartiet

Innkrevjing av bompengar har i hovudsak hatt finansiering av nye vegar som føremål. Som ein del av regjeringa sin bompengereform, gjekk ein frå om lag 60 bomselskap til fem regionale bomselskap. Eit av føremåla var å redusera bompengeandelen gjennom å effektivisera innkrevjing og organisering av selskapa. Det ein har snakka mindre om, er dei andre føremåla der bompengar i aukande grad vert brukt til bane, infrastruktur for gåande og sykkel. I byområde er bompengar også brukt til drift av kollektivtrafikk med tanke på eit heilskapleg og samordna transportsystem.

I enkelte byområde har bompengeinnkrevjinga også ein sentral trafikkregulerande funksjon. Her kan det, med heimel i Veglova §27, innførast rushtidsavgift eller andre tiltak som kan betra luftkvalitet eller framkoma.

I Bergen vart dei tidsdifferensierte takstane også miljødifferensierte frå 1. juni i år. Det vart dyrare å køyra dieselbil enn bensinbil. I Bergen ser ein no at den nasjonale og lokale politikken verkar. Biltrafikken går ned, kollektivtrafikken aukar, fleire går og syklar, og det viktigaste av alt – lufta vert mindre helsefarleg.

Trass i dei gode resultata er det eit bompengeopprør på gang i fleire delar av landet. Uavhengig av motiva til dei som gjer opprør, er det etter mitt syn gode grunnar til å sjå nærare på omfanget av bompengar og målkonflikta: Ein skal både redusera trafikkveksten for å betra miljøet, og auka trafikkveksten for å finansiera store nye vegprosjekt.

I den vedtekne nasjonale transportplanen (NTP) for dei neste 12 åra er bidraget til store vegprosjekt finansiert med bompengar med netto 131 milliardar kroner. Men for vegprosjekt som er under bygging, vedteke på Stortinget og planlagt av regjeringa, er bompengeandelen på 280 milliardar, ifølgje bladet Motor. Altså meir enn det dobbelte av det som er omtala i NTP.

Årsaka til skilnaden er at regjeringa ikkje har gjort eit samla oversyn over eksisterande og nye bomprosjekt.

Les også

– Bompenger en skatt på skatten som rammer de svakeste

I Hordaland er det bompengeinnkrevjing i 11 prosjekt (tal frå bompengeselskapet Ferde). I nær framtid kjem det i tillegg tre nye prosjekt pluss ny Bypakke Bergen, og det er under planlegging minst sju nye prosjekt i NTP-perioden fram mot 2029.

Dei fleste pendlarane til og frå Bergen må gjennom to kanskje tre innkrevjingspunkt, og det er ingen samordning av desse pakkane, ein må betala i alle. Mange vil få daglege kostnader på 100–150 kroner.

Den samla innbetalinga av bompengar skal auka kraftig i åra som kjem. Om kort tid vil bomselskapet Ferde ha lån på rundt 50 milliardar kroner, og summen vil auka i takt med nye utbyggingsprosjekt. Fylkeskommunane må gje lånegaranti for bompengelåna. Med ein varsla renteauke, aukande kostnadsvekst på nye vegprosjekt og nedgang i trafikkgrunnlaget vil det vera uråd å gje slike garantiansvar i framtida.

Det er ingen tvil om at regjeringa og stortingsfleirtalet sine tiltak for å strupa biltrafikken i og omkring dei store byane kjem til å få enda større effekt i åra som kjem. Med nye soner for kollektivreiser, der ein betalar 37 kroner frå alle kommunesentera og fleirtalet av kommunane rundt Bergen (enda lågare med rabattkort), vil langt fleire reisa kollektivt i åra som kjem.

Det er på høg tid å sjå nærare på dei langsiktige konsekvensane dette vil få for framtidig bompengefinansieringa av nye vegprosjekt. Slik utviklinga er no, er ikkje ordningane berekraftige verken for miljøet eller for finansieringa av planlagde prosjekt.

Det er ikkje alle som har høve til å velja bort bilen, og dei kan ikkje sitja att med rekninga.

Vil du vite meir? Høyr podkasten BT20 om bompengar her:

Folkemøte om bompenger

Velkommen til BTs folkemøte om bompenger fredag 5. oktober kl. 17-18.30 i Media City Bergen (Lars Hilles gate 30). Gratis adgang. Billetter fås her. Les mer om arrangementet på BTs Facebook-side.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg