La fengselet på Ulvsnesøy få leve!

Kvifor leggje ned eit mønsterfengsel?

FENGSELSØY: Bergen Fengsel, avdeling Osterøy, på Ulvsnesøy står i fare for å bli lagt ned av regjeringa. I januar i år fekk tilsette melding om at innan sommaren 2019 skulle fengselsdrifta avviklast. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Torfinn Langelid
Tidlegare seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Hordaland med nasjonalt ansvar for opplæring innan kriminalomsorga

Eit samrøystes storting vedtok i vår å vente med ei eventuell nedlegging av Bergen fengsels avdeling på Ulvsnesøy til det låg føre ein konsekvensutgreiing (KVU) om kor mange fengselsplassar ein treng på Vestlandet. Dette ser regjeringa heilt bort frå.

I framlegg til statsbudsjettet for 2019 går regjeringa inn for å leggje ned avdelinga med 29 plassar, der ni er kvinner. Dette er brot med stortingsvedtaket.

Regjeringa seier at utgreiinga vil bli kvalitetssikra i 2019. Med andre ord vil ho bli offentleg våren 2020.

Les også

Vil leggje ned Ulvsnesøy – igjen

Regjeringa set demokratiske spelereglar til sides i denne saka. Grunngjevinga er at det ikkje er trong for så mange opne plassar. I tillegg er det sagt at Osterøy er ein dyr institusjon, og at bygningsmassen må rustast opp.

I dag er om lag to tredjedelar av fangebefolkninga i fengsel med høg grad av tryggleik, medan ein tredjedel er plassar med lågare tryggingsnivå.

Regjeringa argumenterer med at mange innsette som er i fengsel med høgt tryggingsnivå, kan overførast til EK (elektrisk kontroll). Ein del kan nok det, men langt frå alle. Innsette som er dømde for «sedelighet», vald i heimen og generell vald får ikkje sone med EK.

Elles gjeld EK for dei som har fire månader att av straffa. Det er også krav om bustad og arbeid for å sone siste del av straffa på denne måten. Men det er ikkje alltid like lett å ordne med dette på kort tid. Difor treng vi framleis ein god del opne fengselsplassar.

Les også

Galskap å leggje ned soningsplassen på Ulvsnesøy

Avdeling Osterøy er eit mønsterfengsel. Det er eit godt samarbeid mellom skule og fengsel på øya. Skulen er på topp i landet når det gjeld eksamensresultat. Fleire tek fagprøve. Det er gode aktivitets- og fritidstilbod. Det er utvikla eit godt kontaktnett til omkringliggjande skule- og arbeidsliv slik at innsette kan ha frigang til dei ulike tilboda.

Når det gjeld opprusting av bygningane, kan det utførast på ein framifrå måte gjennom samarbeid mellom arbeidsdrifta og dei yrkesretta tilboda på øya.

Om lag to tredjedelar av dei innsette høyrer heime i Hordaland. Det er viktig at så mange som råd kan sone nær heimekommunane. Avdeling Osterøy har ni plassar for kvinner. Slik har det vore sidan slutten av 1990-talet. På øya arbeider både mannlege og kvinnelege tilsette og mannlege og kvinnelege innsette side om side. Det er også ein del av normaliseringa og trening i å koma tilbake til eit normalt samfunnsliv.

Forsking viser, for eksempel Johnsen og Granheim 2012, at dei små fengsla har betre resultat enn dei mellomstore og små. Samarbeidet mellom fengselsbetjentane og dei innsette ser ut til å vera betre i dei små fengsla samanlikna med dei mellomstore og store fengsla. Fengselsbetjentane i dei små fengsla opplever betre kontakt med leiinga enn kollegaene i mellomstore og små fengsel.

Forskarane meiner at den desentraliserte og mindre hierarkiske strukturen i små fengsel gjer det naturleg for leiinga å ha direkte kontakt med den innsette. Med andre ord er avstanden frå den innsette til tenestemenn og leiarar kortare i eit lite fengsel.

INNSENDAREN: Torfinn Langelid er tidlegare seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Hordaland med nasjonalt ansvar for opplæring innanfor kriminalomsorga. Privat

Alt i 1841 sa Strafanstaltskommisjonen at når det galdt oppfølging etter avslutta soning «maa man ikke forlade Fangen i det kritiske Øieblik, han derfra løslades».

Dette er framleis god kriminologisk vitskap. Styresmaktene har nytta mange ord på å fortelje kor viktig det er med eit strukturert og godt oppfølgingsarbeid. Regjeringa seier mellom anna i budsjettframlegget for 2019 at «Vellukka tilbakeføring etter fullført straff utan at domfelte gjer nye kriminelle handlingar, krev kvalifisert personell og målretta tiltak».

Det er nettopp det avdeling Osterøy har. Kvifor skal ein då leggje ned ein institusjon som fungerer så godt? I ein samfunnsøkonomisk samanheng er det meiningslaust.

Vi veit at det trengst tid å koma tilbake til det normale samfunnslivet. Det gjeld å få tru på seg sjølv, koma i arbeid eller skule, utvikle eit nettverk med gode fritidsinteresser.

Får kriminalomsorga dette til i samarbeid med Nav, skule, den innsette/frigjevne og andre friviljuge organisasjonar, kan samfunnet ha spart millionar av kroner. Samfunnet vil bli ein tryggare plass for alle. I denne samanhengen er fengselsavdelinga på Ulvsnesøy eit lysande fyrtårn i norsk kriminalomsorg.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg